Universitet og høgskole - 23/5-regelen

Fyller du 23 år eller meir det året du skal søkje om opptak, kan du få generell studiekompetanse på grunnlag av 23/5-regelen.

Ikon for universitet og høgskole

For å få generell studiekompetanse med 23/5-regelen må du oppfylle tre vilkår:

1

Du må fylle 23 år eller meir det året du søkjer om opptak.

2

Du må dokumentere at du har fullført og bestått alle dei seks studiekompetansefaga.

3

Du må dokumentere minst 5 års arbeidspraksis og/eller utdanning.

Viss du oppfyller vilkåra, kan du bli poengrekna etter 23/5-regelen, sjølv om du også har generell studiekompetanse på eit anna grunnlag.

Studiekompetansefaga

Dei seks studiekompetansefaga motsvarar eitt år på vidaregåande skole, men du kan også ta faga som privatist. På www.vilbli.no finn du informasjon om kvar du kan ta faga.

Dei seks studiekompetansefaga er

Norsk – hovudmål, sidemål og munnleg

393 årstimar

Engelsk

140 årstimar*

Historie

140 årstimar

Samfunnsfag

84 årstimar

Matematikk

224 årstimar

Naturfag

140 årstimar

* Tek du engelsk som privatist, må du ta eksamen både i skriftleg og munnleg.

I tabellen over har vi skrive kva faga heiter, og kva omfanget av faga er, i Kunnskapsløftet. Du kan også ha dekt studiekompetansefaga med fag du har teke før Kunnskapsløftet (før 2008), eller fag du har teke på teknisk fagskole eller på forkurs. I lista over studiekompetansefaga kan du sjå kva for nokre studiekompetansefag du har.

Studiekompetansefaga må du dokumentere med eitt eller fleire vitnemål eller kompetansebevis.

Kva dekkjer kravet til praksis?

Du må dokumentere minst 5 års fulltids arbeidspraksis og/eller utdanning. Med «5 års fulltid» meiner vi at all den praksisen og utdanningen du har, må utgjere 5 års fulltid til saman. All utdanning og praksis du har, blir rekna saman når du søkjer opptak og når du har sendt inn dokumentasjonen din.

Ein fulltidsjobb blir rekna som 37,5 timar i veka. Viss du til dømes har jobba to år i 50 % stilling, vil dette tilsvare eitt år.

Praksis og utdanning du har, kan ikkje overlappe. Viss du til dømes har studert og arbeidd i 100 % samstundes i eitt år, vil du ikkje kunne få utteljing for meir enn 1 år. På same måte vil du ikkje kunne få uttelljing for meir enn 1 år sjølv om du har arbeidd til dømes 150 % på eitt år.

Du kan heller ikkje få utteljing for praksis for same fag fleire gonger. Det vil seie at viss du til dømes tek opp studiekompetansefaga etter vidaregåande skole, og allereie har studiekompetansefaga på eit vitnemål, vil du ikkje få utteljing for desse to gonger.

Det er ein føresetnad at du dokumenterer praksisen med godkjent dokumentasjon. Det er ditt ansvar at opplysningane på dokumentasjonen din er rett. Hugs å ha dokumentasjonen klar i god tid før fristen for å laste opp.

Følgjande arbeidspraksis og utdanning kan dekkje kravet:

Løna arbeid

Løna arbeid kan telje viss det er av eit slikt omfang som vi har skildra over.

Du må dokumentere løna arbeid med arbeidsattest der det står:

  • startdato og sluttdato for arbeidsperioda og
  • kor stort omfang stillinga hadde, i timar per veke eller i stillingsprosent og
  • fullt namn til bedrifta og
  • fullt namn og stilling til den som har signert attesten og
  • dato for utferding av dokumentet

Sjølvstendig næringsverksemd

Sjølvstendig næringsverksemd tel som arbeidspraksis

Du må dokumentere sjølvstendig næringsverksemd med utskrift frå Einingsregisteret (Brønnøysundregistera). 

Læretid

Læretid i bedrift tel som arbeidspraksis. Du må dokumentere læretid med fagbrev, sveinebrev eller vitnemål. Viss du ikkje har dette, må du dokumentere læretid med attest frå arbeidsgjevar. 

Viss du har hatt utvida læretid, må du dokumentere dette med arbeidsattest.

Frivillig arbeid

Uløna frivillig arbeid kan telje viss det er av eit slikt omfang som vi har skildra over.

Du må dokumentere uløna frivillig arbeid med attest der det står:

  • startdato og sluttdato for arbeidsperioda og
  • kor stort omfang stillinga hadde, i timar per veke eller i stillingsprosent og
  • fullt namn til bedrifta og
  • fullt namn og stilling til den som har signert attesten og
  • dato for utferding av dokumentet

Omsorgsarbeid

Viss du har omsorg for eigne barn (eller omsorgsansvar for vaksne) kan dette dekkje kravet.

Du må dokumentere omsorgsarbeid med:

  • bustadattest frå Skatteetaten for søkjar og barn som viser at de har budd på samme adresse, eller
  • adressehistorikk fra Skatteetaten hvis du har flyttet i løpet av perioden du skal dokumentere praksis for, eller
  • attest frå lege eller liknande som viser omsorgsarbeid for nært familiemedlem.

Vidaregåande skole

Opplæring i vidaregåande skole tel med i praksiskravet. Har du bestått enkeltfag i vidaregåande skule blir desse lagt saman til halve og heile år basert på timetalet i faga. Fag som ikkje er bestått, får du ikkje utteljing for.

Fag frå vidaregåande skole må du dokumentere med vitnemål eller kompetansebevis. Dokumentasjon frå privatistweb er ikkje gyldig som dokumentasjon.

Her kan du lese meir om korleis du dokumenterer vidaregåande opplæring.

Høgare utdanning

Høgare utdanning tel med i praksiskravet. Du får eit halvt år per 30 studiepoeng.

Høgare utdanning må du dokumentere med karakterutskrift eller vitnemål. Dokumentet skal vere utferda av universitetet eller høgskolen som du studerte ved. 

Viss du har høgare utdanning, kan du sjå i søknaden om du har resultat som saksbehandlar kan hente elektronisk.

Fagskole

Fagskoleutdanning som er tatt på fulltid i minimum eitt semester kan reknast med i praksiskravet.

Omfanget av det du har bestått må vere tydeleg på dokumentasjonen du lastar opp.

Folkehøgskole

Folkehøgskole blir godkjend som 1 år. Folkehøgskolen må ha eit skoleår på minst 33 veker, og du må ha hatt minst 90 % oppmøte. Viss du har mindre enn 90 % oppmøte, får du inga utteljing.

Du må dokumentere folkehøgskole med eit vitnemål frå folkehøgskolen.

Anna utdanning

Anna utdanning som er tatt på fulltid i minimum eitt semester kan reknast med i praksiskravet.

Omfanget av utdanninga må vere tydeleg på dokumentasjonen du lastar opp.

Militærteneste

Militærteneste kan reknast med. Tenestetida di blir runda av til heile månader.

Du må dokumentere militærteneste med blankett 0543. Blanketten har hatt ulike namn, mellom anna:

  • Bevis på avtent tid i førstegongsteneste (2010 -)

  • Militært tenesteutsegn (2007 - 2010)

  • Militært tenestebevis (før 2007)

  • Har du gått Befalsskole eller sersjantkurs må du laste opp vitnemål og tenesteutsegn.

Manglar du militært tenestebevis/tenesteutsegn, må du kontakte di rulleførande eining.

Attestar, vernepliktsbok, diplom for vernedyktigheitsmedalje og lignande er ikkje tilstrekkeleg som dokumentasjon på militærteneste.

Sivilteneste

Sivilteneste kan reknast med. Tenestetida di blir runda av til heile månader.

Du må dokumentere sivilteneste med:

  • Sivilt tenestebevis

Om du ikkje har eit Sivilt tenestebevis, må du kontakte Vernepliktsverket eller Forsvaret for å få ein attest på gjennomført sivilteneste. Gjennomførte du siviltenesta før 2003, må du kontakte Statsarkivet for å få ein attest.

Introduksjons- og norskprogram med samfunnskunnskap for nyleg komne innvandrarar

Har du gjennomført og bestått programmet, og kan dokumentere dette, kan det inngå i rekninga av praksiskravet. Du må dokumentere programmet med deltakarbevis.

Har du nedsett arbeidsevne?

Viss du på grunn av sjukdom, nedsett funksjonsevne eller andre forhold ikkje har kunna arbeidd, kan dette dekke heile eller delar av kravet til praksis. Du må dokumentere den nedsette arbeidsevna di med attest frå sakkunnig, for eksempel frå lege eller kopi av vedtak frå NAV. Attesten må innehalde informasjon om du er, eller har vore, heilt eller delvis (i prosent) arbeidsufør, og i kva periodar du har vore det. Vedtak om arbeidsavklaringspengar er godkjent dokumentasjon, så lenge vedtaket inneheld opplysingar om i kor stor grad du har nedsett arbeidsevne.

Sidan dette er sensitive personopplysningar, kan du ikkje laste det opp i søknaden. Du må derfor sende det i posten til saksbehandlaren din. Adressa til saksbehandlar finn du i søknaden din.

Har du status som flyktning?

Søkjarar med flyktningstatus eller liknande, får fritak frå femårskravet. Du må dokumentere opphaldskort som viser at du har opphaldsløyve etter ein av følgjande paragrafar i Utlendingsloven:

  • § 28 1 a/b 
  • § 28 6
  • § 34 
  • § 35 
  • § 38 

Viss du berre har dokumentasjon på varig opphold, må du kontakte UDI og få skriven ut ei erklæring om kva for ein paragraf som var det opphavelege grunnlaget for opphaldsløyvet.

Sidan dette er sensitive personopplysningar, kan du ikkje laste det opp i søknaden. Du må derfor sende det i posten til saksbehandlaren din. Adressa til saksbehandlar finn du i søknaden din.

Usikker på om du dekkjer alle krava i 23/5-regelen?

Viss du er usikker på om du har generell studiekompetanse, kan du kontakte opptakskontoret ved ein av lærestadene for spørsmål.

Viss du ønskjer rettleiing om kva for nokre fag eller eksamenar du skal melde deg opp til, kan du ta kontakt med ein vidaregåande skole eller privatistkontoret i det fylket du bur i. Du finn meir informasjon om opplæringstilbodet i vidaregåande skole på www.vilbli.no.

Publisert 11. jan. 2013 10:10 - Sist endret 17. juni 2020 07:58