Universitet og høgskole - Fagskule og generell studiekompetanse

Fagskuleutdanningar er korte, yrkesretta utdanningar som byggjer på vidaregåande opplæring eller realkompetanse. Du kan oppnå generell studiekompetanse på grunnlag av fagskule.

Ikon for universitet og høgskole

Fagskule etter 2005

Viss du har fullført ei 2-årig fagskoleutdanning som er godkjend etter fagskulelova, har du generell studiekompetanse.

For at du skal få generell studiekompetanse på grunnlag av ei fagskuleutdanning, må desse kriteria vere oppfylt: 

1

Du må ha gått på eitt utdanningsprogram som har vart i 2 år på fulltid og som tilsvarar 120 fagskulepoeng / studiepoeng frå fagskule. Dersom du har gått to ulike program på til saman 2 år, vil dette ikkje bli godkjent, sjølv om det er teke ved same fagskule. 

2

Fagskuleutdanning må ha vore akkreditert då du tok ho.

Viss dette er opptaksgrunnlaget ditt, blir du ikkje poengrekna. Du vil i staden få ei individuell vurdering.

Utanlandsk fagskuleutdanning

For at du skal få generell studiekompetanse på grunnlag av ei fagskuleutdanning tatt i utlandet, må du dokumentere at fagskuleutdanninga di er godkjent av NOKUT. I nokre tilfeller må du også dokumentere kunnskapar i norsk og engelsk: 

Har du ei godkjend fagskuleutdanning frå Norden, der undervisninga var på eit nordisk språk?

Då treng du ikkje dokumentere kunnskapar i norsk og engelsk. 

Har du ei godkjend fagskuleutdanning frå Norden, der undervisninga ikkje var på eit nordisk språk?

Då må du dokumentere kunnskapar i norsk. Du treng ikkje dokumentere kunnskapar i engelsk.

Har du ei godkjend fagskuleutdanning frå eit land utandom Norden?

Då må du dokumentere kunnskapar i norsk og engelsk. 

 

Viss dette er opptaksgrunnlaget ditt, blir du ikkje poengrekna. Du vil i staden få ei individuell vurdering.

Teknisk fagskule etter rammeplan av 1998-1999

Har du fullført og bestått teknisk fagskule mellom 2000 og 2005 som gjev generell studiekompetanse? Da har du fått eit vitnemål der det står «har oppnådd generell studiekompetanse».

Viss dette er grunnlaget ditt for generell studiekompetanse, vil du bli poengrekna på bakgrunn av karakterane på vitnemålet.

Teknisk fagskuleutdanning før 2000

Dersom du har gått på teknisk fagskule, kan du vere kvalifisert til å søkje teknologi- eller ingeniørutdanningar sjølv om du ikkje har generell studiekompetanse. Du kan lese meir om dette på alternative vegar til ingeniør og martim utdanning.

Publisert 11. jan. 2013 11:03 - Sist endret 6. feb. 2020 15:11