Klage på eksamenskarakter

Har du klaga på ein eller fleire karakterar i vidaregående opplæring, er det eigne reglar for dette.

Du bør gje beskjed til sakshandsamar at du har klaga. Dette kan du gjere ved å laste opp dokumentasjon i søknaden din som viser at du har klaga. 

Kontaktinformasjon til sakshandsamar finn du i søknaden under «Søknad».

Kva er fristen for å laste opp nytt vitnemål?

Om du får medhald i klaga og nytt vitnemål, må du laste opp dette snarast. Lærestaden eller institusjonen som er saksbehandlaren din må ha motteke vitnemålet seinast 10. juli kl. 12.00 2019 for at du skal bli vurdert i hovudopptaket. Vi minner om at denne fristen berre gjeld for dei som har klaga på sensur.

Utdanningsdirektoratet (UDIR) har informasjon om korleis du klagar på sensur på eksamenskarakteren.

Publisert 8. mai 2019 14:13 - Sist endra 19. sep. 2019 16:32