Klage på eksamenskarakter

Er du avgangselev i vidaregåande skule og har klaga på eksamenskarakteren din, er det eigne reglar for dette.

Du bør gje beskjed til sakshandsamar at du har klaga. Dette kan du gjere ved å laste opp dokumentasjon i søknaden din som viser at du har klaga. 

Kontaktinformasjon til sakshandsamar finn du i søknaden under «Søknad».

Kva er fristen for å laste opp nytt vitnemål?

Om du får medhald i klaga og nytt vitnemål må dette bli sendt inn snarast og innan ei gjeve frist.

Fristen for 2019 vert lagt ut når den er klar.

Vi minner om at denne fristen berre gjeld for dei som har klaga på sensur.

Utdanningsdirektoratet (UDIR) har informasjon om korleis du klagar på sensur på eksamenskarakteren.

Publisert 8. mai 2019 14:13 - Sist endret 8. mai 2019 14:13