
For å søkje studieplass på ein fagskole må du registrere ein søknad. Du må laste opp all dokumentasjon som skal ligge til grunn for søknaden din, og du må følge opp søknaden din.
Registrer søknaden din
Du må registrere og fullføre søknaden din før søknadsfristen. I studieoversikta finn du informasjon om fagskolestudia du kan søkje.
Last opp dokumentasjonen din
Etter at du har sendt inn søknaden, må du sjølv laste opp dokumentasjonen din.
Meir om å laste opp dokumentasjon
Følg opp søknaden din
Du har sjølv ansvar for å følgje opp søknaden din.
Svar på studietilbodet
Du må svare på tilbod du får om studieplass og alle tilbod om ventelisteplass. Du mistar plassen viss du ikkje svarar innan svarfristen.