Fagskole - Elektronisk vitnemål

Ikon for fagskoleElektronisk vitnemål er ein elektronisk kopi av vitnemålet ditt sendt frå norsk vidaregåande skule til Nasjonal vitnemålsdatabase (NVB).

Har du fullført og bestått norsk vidaregåande skule i år 2000 eller seinare, kan du ha elektronisk vitnemål. Vidaregåande skular leverer elektroniske vitnemål frå skulenes system via fylkeskommunen til NVB

Kva må du sjølv gjere?

  • Du må dokumentere at du dekkjer opptakskrava. Du må sjølv sjekke at du har eller får elektronisk vitnemål i NVB og om det dekkjer opptakskrava.
  • For å sjå om vitnemålet ditt ligg i NVB må du logge deg inn i søkerportalen. Finn du ikkje vitnemålet ditt, må du kontakte den vidaregåande skulen din og sjekke om skulen har høve til å lagre vitnemålet ditt i NVB. 
  • Viss du ikkje har elektronisk vitnemål i NVB, må du laste opp kopi av papirvitnemålet ditt i søknaden din. Du kan til dømes ta eit bilde av papirvitnemålet med mobiltelefon og laste det opp under "Dokument" i søknaden din. Dei opplasta vitnemåla blir saksbehandla manuelt. 
  • Kompetansebevis ligg ikkje NVB. Dette må du laste opp i søknaden din.
  • Lastar du sjølv opp vitnemålet ditt i søknaden, blir det ikkje lagra i NVB. Det er berre vidaregåande skular som kan lagre elektroniske vitnemål i NVB.

Finn du feil på vitnemålet?

  • Finn du feil på vitnemålet ditt, må du kontakte din vidaregåande skule og be dei rette det.
  • Vitnemål som er annullert av skulen din, er ikkje gyldig dokumentasjon. Dette gjeld både elektroniske vitnemål, utskrift av vitnemål eller vitnemål du har lasta opp.

Sjå vitnemålet ditt

Sjå vitnemålet i
søkerportalen.
 

Utskrift eller PDF av elektronisk vitnemål frå NVB er ikkje gyldig som dokumentasjon. Det er berre den vidaregåande skulen som kan skrive ut vitnemål som er gyldig som dokument.