Fagskole - Slik søkjer du studieplass

For å søkje studieplass på ein fagskole må du registrere ein søknad. Du må laste opp all dokumentasjon som skal ligge til grunn for søknaden din, og du må følge opp søknaden din.

1

Registrer søknaden din

Du må registrere og fullføre søknaden din før søknadsfristen. I studieoversikta finn du informasjon om fagskolestudia du kan søkje.

Meir om søknadsregistrering

2

Last opp dokumentasjonen din

Etter at du har sendt inn søknaden, må du sjølv laste opp dokumentasjonen din.

Meir om å laste opp dokumentasjon

3

Følg opp søknaden din

Du har sjølv ansvar for å følgje opp søknaden din.

Meir om oppfølging

4

Svar på studietilbodet

Du må svare på tilbod du får om studieplass og alle tilbod om ventelisteplass. Du mistar plassen viss du ikkje svarar innan svarfristen.

Meir om reglar for svar

Elektronisk vitnemål

Eit elektronisk vitnemål er ein elektronisk kopi av vitnemålet ditt levert direkte frå norsk vidaregåande skule til NVB. Sjekk om du har elektronisk vitnemål her.

Ledige studieplassar

Etter hovudopptaket kan du søkje på dei studieplassane som er ledige.

Rett til å klage

Viss du meiner at søknaden din har blitt behandla feil, har du rett til å klage.

Reservering av studieplass

Studiebarometeret

Sjå kva studentene meiner om kvaliteten på meir enn 500 fagskolestudium på Studiebarometeret.