Fagskole - Ledige studieplassar

Frå 31. mai kan du søkje ledige studieplassar på fagskole.

Ikon for fagskole

Etter hovudopptaket 25. mai kan det bli lagt ut ledige studieplassar på dei ulike fagskolane. Alle kan søkje på dei ledige fagskolestudia frå og med 31. mai.

Når kan du søkje på ledige studieplassar?

30. mai blir det lagt ut ei liste over ledige studieplassar på fagskole. Då har du ein dag på deg til å sjå om det er nokre ledige studieplassar på fagskole du ønskjer å søkje på. 

Frå 31. mai kl. 09.00 kan du søkje på ledige studieplassar på fagskole. Det er løpande opptak til dei ledige plassane. Det vil seie at du må søkje så raskt som mogleg frå dette tidspunktet. Viss det er fleire søkjarar enn ledige studieplassar, vil ikkje alle få tilbod om studieplass. Det er dei første som har søkt som blir vurdert for tilbod.

Lista over ledige studieplassar blir oppdatert jamleg, og det kan kome nye studium på lista etter 30. mai.

Korleis søkjer du på ledige studieplassar?

For å søkje på ein ledig studieplass på ein fagskole må du

  • dekke opptakskrava
  • ha rett dokumentasjon klar til opplasting

Har du søkt tidlegare i år, må du logge deg inn på søknaden din og gå til "Søknad" for å leggje til ledige studieplassar du vil søkje på.

Merk at du berre kan søkje maks 10 ledige studieplassar på fagskole.  

Mistar du studieplassen viss du søkjer ledige studieplassar?

Du mistar ikkje tilbodet frå hovudopptaket sjølv om du søkjer ledige studieplassar, men det er viktig at du passar på to ting viss du søkjer ledige studieplassar:

  • Viss du svarar ja på eit nytt studietilbod, mistar du tilbodet du allereie har fått.
  • Får du eit nytt tilbod etter suppleringsopptaket eller seinare, må du aktivt takke ja til ein eventuell ventelisteplass på nytt. Dette må du gjere sjølv om du ikkje ønskjer å takke ja til tilbodet du har fått om ledige studieplassar.

 

Publisert 17. jan. 2020 09:39 - Sist endra 19. des. 2022 15:06