Fagskole - Slik registrerer du søknaden din

I søknaden din legg du inn studia du ønskjer å søkje på, og andre opplysningar vi treng for å behandle søknaden din.

Ikon for fagskole

Søknaden opnar 1. februar. For å søkje loggar du deg inn i søkjarportalen.

Du kan endre på søknaden din og leggje til studieønskje heilt fram til søknadsfristen. Siste søknadsfrist er anten 1. mars eller 15. april. Det er viktig at du finn ut kva for søknadsfrist som gjeld for deg.

Søknaden trinn for trinn

1

Legg til dei studia du vil søkje på

Du kan søkje på inntil 10 studieønske i prioritert rekkefølgje. Du kan blant anna søkje på studienamn, studiestad og fagskole. Du finn meir informasjon om opptakskrav, studiestad, studiepoeng og anna på kvart studium.

Oversikt over alle fagskolar du kan søkje på.

2

Prioriter studieønska dine

Prioritert rekkefølgje er at du rangerar studieønska dine i søknaden. Det vil seie at du sett det studiet du helst vil inn på som fyrsteprioritet, studiet du nest helst vil inn på som andreprioritet og så vidare.

Når du får tilbod i hovudopptaket, fell lågare prioriterte studieønskje bort. Det vil seie at viss du til dømes får tilbod på fyrstevalet ditt, vil alle dei andre studieønska dine automatisk falle bort. Du kan ikkje setje deg på venteliste til studium som har falt bort. Derfor er det viktig at du legg inn studieønska i prioritert rekkefølgje.

Fristen for å omprioritere er 15. april

3

Vel utdanningsbakgrunn

Her skal du velje kva for utdanningsbakgrunn du har.

4

Sjå over søknaden din og send inn

Klikk på meir info om studiet for å sjekke at du har søkt rett studium. Når du har sett over søknaden trykkar du "Send inn". Søknaden er sendt til oss når du har fått ei kvittering i "Meldingar". Det er ditt ansvar å sjekke at alle opplysningane på kvitteringa stemmer.

5

Last opp dokumentasjon

Etter at du har registrert søknaden din, må du laste opp dokumentasjon. Vel "Sjå kva du må dokumentere" i søknaden din for å få opp ei liste og svare på nokre tilleggsspørsmål.

Meir om å laste opp dokumentasjon.

Publisert 17. jan. 2020 09:39 - Sist endra 4. feb. 2020 15:30