Universitet og høgskole - Klage på karakter

Har du klaga på ein eller fleire karakterar i vidaregående opplæring, er det eigne reglar for dette.

Ikon for universitet og høgskole

Du bør gje beskjed til sakshandsamar at du har klaga. Dette kan du gjere ved å laste opp dokumentasjon i søknaden din som viser at du har klaga. 

Kontaktinformasjon til sakshandsamar finn du i søknaden under «Søknad».

Kva er fristen for å laste opp nytt vitnemål?

Om du får medhald i klaga og nytt vitnemål, må du laste opp dette snarast. Lærestaden eller institusjonen som er saksbehandlaren din må ha motteke vitnemålet seinast 10. juli for at du skal bli vurdert i hovudopptaket. Om 10. juli fell på ein laurdag eller søndag, vil fristen falle på første virkedag etter. Vi minner om at at den utsette fristen for å laste opp nytt vitnemål berre gjeld for dei som har klaga på sensur.

Utdanningsdirektoratet (Udir) har informasjon om korleis du klagar på sensur på eksamenskarakteren. Udir har òg informasjon om korleis du klagar på ein standpunktkarakter.

Publisert 8. mai 2019 14:13 - Sist endra 13. mai 2022 16:07