Universitet og høgskole - Last opp dokumentasjon

Når du har søkt, må du dokumentere at du er kvalifisert til å konkurrere om opptak.

Kva må du dokumentere

Dokumentasjonen din frå tidlegare år er ikkje automatisk lagra i søknaden, og du må laste den opp viss du ikkje ser den i søknaden din. Kva du må dokumentere avheng av kva slags utdanningsbakgrunn du har og kva slags studieprogrammer du søker opptak til.

Oversikt over kva du må dokumentere

Utdanning

For å studere må du ha generell studiekompetanse. Den vanlegaste vegen til generell studiekompetanse er vidaregåande utdanning. Dei aller fleste må derfor dokumentere dette i søknaden sin i tillegg til eventuell anna utdanning.

Vidaregåande utdanning

Vidaregåande utdanning dokumenterer du med elektronisk vitnemål. Viss du ikkje har eller får elektronisk vitnemål, må du laste opp eit bilete av papirvitnemålet ditt.

Forbetringar og nye fag frå vidaregåande utdanning

Karakterforbetringar av fag du har tatt tidlegare kan du dokumentere med kompetansebevis. Har du teke fag som ikkje er forbetringar av fag du har frå før, og som ikkje gjev språkpoeng eller realfagspoeng, må du dokumentere desse på eit nytt vitnemål.

Viss du har forbetra karakterane dine, vert ikkje desse automatisk oppdatert på eit elektronisk vitnemål.

Meir om forbetringar og nye fag.

Fagskule

Viss du har utdanning frå fagskule, kan du laste opp dokumentasjon på dette. Kva du må dokumentere avheng av kva slags fagskuleutdanning du har.

Meir om dokumentasjon på fagskule.

Høgare utdanning

I søknaden din kan du sjå om du har resultat frå høgare utdanning som sakshandsamar kan hente elektronisk. Du må kunne sjå resultata dine i søknaden innan fristen for at dei skal vere med i handsaminga. Har du bestått andre emne enn dei du kan sjå i søknaden, og vil ha dei med i handsaminga av søknaden, må du sjølv laste opp gyldig dokumentasjon.

Vidaregåande og høgare utdanning frå utlandet

Viss du har vidaregåande eller høgare utdanning frå utlandet, finn du informasjon om krav til dokumentasjon under kvart enkelt land i landoversikta vår.

Spesielle opptakskrav

Du må laste opp dokumentasjon i søknaden din viss du ikkje dekkjer dei spesielle opptakskrava med elektroniske vitnemål.

Vidaregåande utdanning

Viss faget ikkje står på det elektroniske vitnemålet ditt, eller du ikkje har eller får eit elektronisk vitnemål, må du laste opp eit bilete av eit papirvitnemål og/eller kompetansebevis.

Nye fag og forbetringar vert ikkje automatisk oppdatert på det elektroniske vitnemålet ditt.

Høgare utdanning

I søknaden din kan du sjå om du har resultat frå høgare utdanning som sakshandsamar kan hente elektronisk. Du må kunne sjå resultata dine i søknaden innan fristen for at dei skal vere med i handsaminga. Har du bestått andre emne enn dei du kan sjå i søknaden, og vil ha dei med i handsaminga av søknaden, må du sjølv laste opp gyldig dokumentasjon.

Viss du har høgare utdanning frå utlandet, finn du informasjon om krav til dokumentasjon under kvart enkelt land i landoversikta vår.

Meir om å dekkje spesielle opptakskrav med høgare utdanning.

Tilleggspoeng frå høgare utdanning, fagskule, folkehøgskule, militærteneste

Du må laste opp gyldig dokumentasjon for å få tilleggspoeng.

Har du fått tilleggspoeng tidlegare?

Viss det står i søknaden at du har fått 2 tilleggspoeng for høgare utdanning, militærteneste, folkehøgskole eller fagskule tidlegare, treng du ikkje laste opp dokumentasjon på ny. I søknaden ser du berre tilleggspoenga som du har fått tidlegare opptak, det vert ikkje automatisk oppdatert viss du får tilleggspoeng samme år. Viss den same dokumentasjonen som har gitt deg tilleggspoeng er grunnlag for godkjenning av spesielle opptakskrav, eller naudsynt for å dokumentere praksis til 23/5-regelen, må du laste opp dokumentasjon for høgare utdanning, militærteneste, folkehøgskole eller fagskule på nytt.

Praksis

Du må dokumentere praksis viss søknaden din kan bli poengrekna etter 23/5-regelen, eller viss du har søkt opptak på grunnlag av realkompetanse.

Du skal berre dokumentere praksis viss det er krav om dette i søknaden din.

Kvoter

Du kan konkurrere i ulike kvotar når du søkjer. Dei vanlegaste er ordinær kvote og kvote for førstegangsvitnemål.

Nokre lærestadar og studium har i tillegg eigne kvotar. Viss du kan konkurrere i ei slik kvote, må du dokumentere kvotetilhøyrighet.

Namneendring

Viss du har endra namn, må du dokumentere dette med for eksempel ein vigselsattest eller melding om namneendring frå Skatteetaten.

Fristar

Du er sjølv ansvarleg for å laste opp dokumentasjonen din innan fristen. Fristen for å laste opp dokumentasjon er anten

1. juli er siste frist for å laste opp utdanning eller praksis som du fullfører i løpet av våren.

Krav til dokumentasjon

Du må laste opp gyldig dokumentasjon som er av god kvalitet. Viss du tek bilete og lastar opp dette, må biletet vere skarpt. Heile dokumentet må synast på biletet og kunna lesast av sakshandsamaren din.

Krav i søknaden som ikkje er merka med grøn hake

Du må sjølv sjekke kva som vert krevd av dokumentasjon på kvart felt som ikkje er merka med grøn hake på lista over kva du må dokumentere i søknaden din. Lista du får i søknaden over kva du må laste opp hentar informasjon frå dei eventuelle elektroniske vitnemåla som er lagra i NVB. Lista kan ikkje hente informasjon frå eit papirvitnemål eller anna dokumentasjon som du har lasta opp.

Lastar du opp dokumentasjon i søknaden, får du ikkje automatisk grøn hake. Dette er fordi alle dokument du sjølv lastar opp i søknaden blir manuelt behandla av ein saksbehandlar. Søknaden vert heller ikkje oppdatert med grøn hake etter at dokumentasjonen er behandla ferdig.

Du skal ikkje laste opp sensitiv dokumentasjon

All dokumentasjon som inneheld sensitive personopplysningar, må du sende inn til saksbehandlar som papirkopiar i posten. Adresse finn du i søknaden din.

Kva er sensitiv dokumentasjon?

Dette er dokumentasjon som inneheld sensitive personopplysningar. Det er opplysningar om rasemessig eller etnisk opphav, politisk oppfatning, religion, filosofisk overtyding, fagforeiningsmedlemskap, helse, seksuelle forhold, seksuell legning, straffedommar og lovbrot. Det er også genetiske og biometriske opplysningar med det formål å eintydig identifisere nokon.

Eitt døme på sensitiv dokumentasjon er legeattestar.

Har du dokumentasjon på eit anna språk?

Viss du har dokumentasjon på eit anna språk enn skandinavisk eller engelsk, må du få den omsett. Omsetjinga kan vere på norsk, engelsk eller eit anna skandinavisk språk og må vere gjort av ein statsautorisert translatør eller eit omsettingsbyrå.

Dokumentasjonen vert kontrollert

Eit vitnemål eller dokument er falskt dersom det inneheld skriftleg eller digital dokumentasjon som ikkje er sannferdig, eller dersom innhaldet i eit opphavleg, skriftleg eller digitalt, vitnemål eller dokument er manipulert eller endra.
 
All dokumentasjon vert kontrollert av saksbehandlar, og i tvilstilfelle kan du bli bedt om å sende inn originalar. I løpet av det første semesteret vil alle lærestadene be eit tilfeldig utplukk av nye studentar om å syne originale vitnemål og attestar. Urette eller misvisande opplysningar kan føre til at du mistar retten til å fullføre eit studium. Falsk dokumentasjon vil bli ramma av straffeloven § 361 første ledd, bokstav a og b, og blir alltid politimeldt.

Elektronisk vitnemål frå vidaregåande utdanning

Har du fullført norsk vidaregåande skole i år 2000 eller seinare, kan du ha elektronisk vitnemål i Nasjonal vitnemålsdatabase (NVB)

Er du avgangselev og får vitnemål i juni?

Du fullfører vidaregåande skole i år og får vitnemål som gir generell studiekompetanse. Du har ingen ekstra fag eller forbetringar på kompetansebevis. Dei fleste får vitnemål i slutten av juni når alle fag og eksamenar er bestått. Du må

1

Krysse av for at du fullfører vidaregåande skole i år på lista over kva du må dokumentere i søknaden.

2

Sjekke om du får eit elektronisk vitnemål frå den vidaregåande skolen din i NVB innan 1. juli. Får du elektronisk vitnemål, kan du sjå dette i søknaden din. Kontakt den vidaregåande skolen din om du er usikker på om du får elektronisk vitnemål.

Viss du ikkje ser det elektroniske vitnemålet i søknaden din innan 1. juli, må du laste opp eit bilete av papirvitnemålet ditt seinast 1. juli

Har du allereie eit elektronisk vitnemål?

Du er ferdig med vidaregåande skole, og skolen din har sendt inn eit eller fleire elektroniske vitnemål som du kan sjå i søknaden din. Du må

1

Sjekke at du har elektroniske vitnemål som gir generell studiekompetanse i søknaden din.

2

Sjekke at du får ei grøn hake på alle obligatoriske felt under "Sjå kva du må laste opp" i søknaden.

Har du krav som ikkje er merka med grøn hake, må du laste opp dokumentasjon. Har du dokumentasjon på nye fag og forbetringar, tilleggspoeng og kvotetilhøyrsle, må du laste opp dette. 

Har du fleire spørsmål om dokumentasjon?

Du finn som regel svar i ofte stilte spørsmål.