Universitet og høgskole - Slik dokumenterer du fagskule

Ikon for universitet og høgskole

Du dokumenterer fagskule med eit vitnemål som viser at du har fullført og bestått fagskulen. Du må dokumentere alle sidene av vitnemålet.

Har du fullført delar av ei fagskuleutdanning, må du laste opp ei karakterutskrift som viser karakterane i faga du har bestått.

Viss det ikkje står på dokumentasjonen kor mange studiepoeng/fagskulepoeng du har oppnådd, må du i tillegg laste opp ei erklæring frå fagskulen om studiet var på heiltid eller deltid, og over kor mange år studiet varte. 

Viss du har fagskule frå utlandet, må du også dokumentere fagskulegodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse ( tidlegare NOKUT-godkjenning).

Publisert 21. jan. 2013 14:29 - Sist endra 7. juli 2023 15:40