Kva blir du varsla om?
Viss du har lasta opp dokumentasjon, og det manglar noko i søknaden din, vil saksbehandlaren din sende deg ein e-post.
Universitet og høgskoler behandlar søknadar frå mars og heilt fram til opptaket. Ettersom saksbehandlarane har mange søknadar å behandle, kan ein slik e-post kome seint. Det er dessutan korte fristar for å laste opp ny dokumentasjon.
Du vil ikkje få e-post om manglar du allereie har fått varsel om i søknaden. Viss du til dømes har elektronisk vitnemål og søkjer opptak til studium med spesielle opptakskrav, får du varsel i søknaden om du er kvalifisert eller om du må laste opp meir dokumentasjon.
Medan søknaden din blir behandla må du
- sette deg nøye inn i "Sjå kva du må dokumentere" i søknaden din
- laste opp dokumentasjon så tidleg som mogleg og innan fristen
- sjekke at kontaktinformasjonen din er rett på profilsida i søknaden din
- sjekke e-posten din jamleg - sjølv om du er på ferie
- sjekke søppelfilteret i e-posten din jamleg