Universitet og høgskole - Slik registrerer du søknaden din

I søknaden din legg du inn studia du ønskjer å søkje på, og andre opplysningar vi treng for å behandle søknaden din.

Ikon for universitet og høgskole

For å søkje loggar du deg inn i søkjarportalen.

Du kan søkje frå 1. februar, og du kan endre på søknaden din og leggje til studieønskje heilt fram til søknadsfristen. Siste søknadsfrist er anten 1. mars eller 15. april. Det er viktig at du finn ut kva for søknadsfrist som gjeld for deg.

Søknaden trinn for trinn

1

Legg til dei studia du vil søkje på

Du kan søkje på inntil 10 studieønske i prioritert rekkefølgje. Du kan blant anna søkje på studienamn, studiestad, universitet, høgskule. Du finn meir informasjon om opptakskrav, poenggrenser og anna på kvart studium.

Oversikt over alle høgskular og universitet du kan søkje på.

2

Prioriter studieønska dine

Prioritert rekkefølgje er at du rangerar studieønska dine i søknaden. Det vil seie at du sett det studiet du helst vil inn på som fyrsteprioritet, studiet du nest helst vil inn på som andreprioritet og så vidare.

Når du får tilbod i hovudopptaket, fell lågare prioriterte studieønskje bort. Det vil seie at viss du til dømes får tilbod på fyrstevalet ditt, vil alle dei andre studieønska dine automatisk falle bort. Du kan ikkje setje deg på venteliste til studium som har falt bort. Derfor er det viktig at du legg inn studieønska i prioritert rekkefølgje.

Du kan omprioritere studieønska dine heilt fram til 1. juli.

3

Vel utdanningsbakgrunn

Her skal du velje kva for utdanningsbakgrunn du har.

4

Sjå over søknaden din og send inn

Klikk på meir info om studiet for å sjekke at du har søkt rett studium. Når du har sett over søknaden trykkar du "Send inn". Søknaden er sendt til oss når du har fått ei kvittering i "Meldingar". Det er ditt ansvar å sjekke at alle opplysningane på kvitteringa stemmer.

5

Last opp dokumentasjon

Etter at du har registrert søknaden din, må du laste opp dokumentasjon. Vel "Sjå kva du må dokumentere" i søknaden din for å få opp ei liste og svare på nokre tilleggsspørsmål.

Meir om å laste opp dokumentasjon.

 

Publisert 18. jan. 2013 10:58 - Sist endra 21. okt. 2022 11:38