Universitet og høgskole - Slik dokumenterer du arbeidspraksis

Ikon for universitet og høgskole
A

Løna arbeid

Løna arbeid dokumenterer du med arbeidsattest der det står:

  • startdato og sluttdato for arbeidsperioda og
  • kor stort omfang stillinga hadde, i timar per veke eller i stillingsprosent og
  • fullt namn til bedrifta og
  • fullt namn og stilling til den som har signert attesten og
  • dato for utferding av dokumentet
B

Sjølvstendig næringsverksemnd

Sjølvstendig næringsverksemnd dokumenterer du med utskrift frå Einingsregisteret (Brønnøysundregistera). 

C

Læretid

Læretid i bedrift dokumenterer du med fagbrev, sveinebrev eller vitnemål. Viss du ikkje har dette, må du dokumentere læretid med attest frå arbeidsgjevar. 

Viss du har hatt utvida læretid, må du dokumentere dette med arbeidsattest.

D

Frivillig arbeid

Uløna frivillig arbeid dokumenterer du med attest der det står:

  • startdato og sluttdato for arbeidsperioda og
  • kor stort omfang stillinga hadde, i timar per veke eller i stillingsprosent og
  • fullt namn til bedrifta og
  • fullt namn og stilling til den som har signert attesten og
  • dato for utferding av dokumentet
E

Omsorgsarbeid

Omsorgsarbeid dokumenterer du med:

  • bustadattest frå Skatteetaten for søkjar og barn som viser at de har budd på samme adresse, eller
  • attest fra lege eller liknande som viser omsorgsarbeid for nært familiemedlem.
Publisert 21. jan. 2013 14:31 - Sist endra 13. jan. 2020 15:03