Universitet og høgskole - slik dokumenterer du vidaregåande opplæring

Skal du søkje universitet og høgskole, må du dokumentere fag frå vidaregåande skole med vitnemål eller kompetansebevis. Utskrift frå eksamensprotokoll er ikkje gyldig som dokumentasjon på fag tekne i Kunnskapsløftet og i Reform 94.

Ikon for universitet og høgskole

3-årig vidaregåande opplæring må du dokumentere med eit vitnemål. Det er ikkje tilstrekkeleg med fleire kompetansebevis. Det same gjeld hvis du har teke fag som ikkje er forbetringar av fag du har fra før, og som ikkje gir språkpoeng eller realfagspoeng. 

Det er berre den vidaregåande skolen som kan skrive ut vitnemål eller lagre elektroniske vitnemål i Nasjonal vitnemålsdatabasen (NVB).

 Døme på dokument frå Kunnskapsløftet 

 Døme på vitnemål frå Reform 94

  

Har du teke fag- eller sveinebrev i Reform 94 eller tidlegare?

Det dokumenterer du med fag- eller sveinebrevet og all vidaregåande opplæring som ligg til grunn for fag- og sveinebrevet.

 Døme på vitnemål frå endra struktur (AEA)

 
                          

 Døme på vitnemål frå tradisjonell struktur (ATA)

 Døme på vitnemål frå Handel og kontor

Eit vitnemål frå kvart årstrinn.

Publisert 21. jan. 2013 09:57 - Sist endra 1. des. 2020 14:48