Fagskole - Viktige tidsfristar

Gjeld for opptaket til fagskoler 2020.


1. februar

 

Søknaden opnar

Oversikten over kva for fagskolestudium du kan søkje på blir lagt ut same dag.

Meir om opning og studietilbod

Eg finn ikkje studiet eg vil søkje på?

Ta kontakt med fagskolen du vil søkje til.

Kan eg endre på søknaden?

Ja, du kan endre på søknaden heilt fram til søknadsfristen.

Skal du søkje både fagskole og universitet/høgskole?

Viss du skal søkje både til fagskole og til universitet/høgskole, må du registrere to søknadar.

Ver klar over at opptakskrava til fagskole og universitet/høgskole er ulike. Du finn informasjon om opptakskravet i studieoversikten.

1. mars

 

Søknadsfrist og frist for å laste opp dokumentasjon for enkelte søkjarar

Nokre søkjarar har søknadsfrist 1. mars. Viss du har søknadsfrist 1. mars, har du også same frist for å laste opp dokumentasjon.

Sjå fagskolestudia som har søknadsfrist 1. mars.

Har eg søknadsfrist 1. mars?

Det er berre nokre søkjarar som har søknadsfrist 1. mars. Viss du ikkje er blant desse, har du søknadsfrist 15. april. 

Må eg laste opp dokumentasjon innan 1. mars?

Ja, viss du har søknadsfrist 1. mars, må du også ha lasta opp all relevant dokumentasjon til same frist.

15. april

 

Søknadsfrist og frist for å laste opp dokumentasjon 

Viss du ikkje skal søkje eit fagskolestudium som har søknadsfrist 1. mars, har du søknadsfrist 15. april. Du har også same frist for å laste opp dokumentasjon.

Meir om søknadsfristen

Må eg laste opp dokumentasjon innan 15. april?

Ja, viss du har søknadsfrist 15. april, må du også ha lasta opp all relevant dokumentasjon til same frist.

Kan eg endre på rekkefølgja etter 15. april?

Nei. Viss du skal søkje fagskole, må du ha satt opp rett rekkefølgje på studia dine seinast 15. april. 

Rekkjefølga på studieønska dine er viktig fordi viss du får tilbod i hovudopptaket, fell lågare prioriterte studieønske bort. Det vil seie at viss du til dømes får tilbod på fyrstevalet ditt, vil alle dei andre studieønska dine automatisk falle bort.

20. mai

 

Du får svar på søknaden

Viss du har søkt fagskole, får du svar på søknaden 20. mai.

Meir om svar og svarreglar

Kven kontaktar eg viss eg har spørsmål om søknaden min?

Du må kontakte fagskolen som har behandla søknaden din. Kontaktinformasjon finn du i søknaden.

Kva betyr det at det står bortfalt i søknaden min? 

Dette betyr at du har fått tilbod på eit høgare prioritert studieønske. Ved tilbod fell lågare prioriterte studieønske vekk. Viss det er ledige studieplassar på studiet, kan du søkje på nytt.

Korleis søkjer eg om reservert studieplass?

Svar ja på tilbodet og send søknad om reservering av studieplass til fagskolen du har fått tilbod frå.

24. mai

 

Oversikt over studium med ledige plassar

Skal du søkje ledige studieplassar? Allereie 24. mai kan du sjå kva for fagskolestudium som har ledige plassar.

Meir om ledige studieplassar

Mistar eg plassen min viss eg søkjer ledige studieplassar?

Nei, du mistar ikkje ein plass du har takka ja til i hovudopptaket berre ved å søkje ledige studieplassar, men viss du får eit nytt tilbod som du takkar ja til, mistar du plassen.

25. mai

 

Du kan søkje ledige studieplassar

Skal du søkje ledige studieplassar på fagskole? Du kan søkje frå og med 25. mai kl. 09.00.

Meir om ledige studieplassar

Korleis søkjer eg ledige studieplassar?

Du loggar inn på søknaden og søkjer. Du kan søkje frå og med 25. mai kl. 09.00.

27. mai

 

Siste frist for å svare

Viss du har fått tilbod om studieplass og/eller om ventelisteplass på ein fagskole, må du svare innan 27. mai. Viss du ikkje svarer innan fristen, mistar du tilbod om studieplass og ventelisteplass.

Meir om svar og svarreglar

Kva skjer viss eg ikkje svarar innan fristen?

Då mistar du tilboda dine. Hugs å sjekke at du får ei kvittering i "Meldingar" for svarregistreringa di.

Kan eg takke ja til både tilbod og venteliste?

Ja, men takkar du ja til venteliste i hovudopptaket og får tilbod om studieplass i suppleringsopptaka, mistar du automatisk plassen frå hovudopptaket.

Viss du ikkje får eit nytt tilbod i suppleringsopptaka, held du på tilbodet du takka ja til i hovudopptaket.

28. mai

Suppleringsopptaka startar

Har du takka ja til venteliste til fagskole? Du kan få nytt svar i suppleringsopptaka.

Meir om supplering til fagskolar

Har du fått nytt tilbod i suppleringsopptaka?

Du må hugse å svare på det nye tilbodet innan svarfristen du får.

Kan eg framleis stå på venteliste etter 28. mai?

Ja, til nokre studium kan det bli tekne inn fleire søkjarar frå venteliste i seinare suppleringsopptak. Hugs at viss du får eit nytt tilbod om studieplass på fagskole i suppleringsopptaka, mistar du automatisk eit eventuelt tilbod du fekk i hovudopptaket.