Steinerskole

Har du fullført vidaregåande opplæring ved ein Rudolf Steinerskole har du fått anten eit vitnemål med karakterar, eller eit vitnesbyrd utan karakterar.

Vitnemål med karakterar

Viss du har fullført og bestått vidaregåande opplæring ved ein steinerskole har du fått eit vitnemål med påskrifta «har oppnådd generell studiekompetanse».

Er du usikker på om du har, eller vil få, generell studiekompetanse, kan skolen din gje deg meir informasjon om dette.

Vitnemål frå steinerskolen vert ikkje lagra i Nasjonal vitnemålsdatabase (NVB) og du må derfor laste opp dokumentet i søknaden din.

Vitnesbyrd utan karakterar

Viss du har fått eit vitnesbyrd utan karakterar, blir det fyrst vurdert om du har generell studiekompetanse når du søkjer opptak. Har du generell studiekompetanse, får du ei individuell vurdering.

Vitnesbyrd frå steinerskolen vert ikkje lagra i Nasjonal vitnemålsdatabase (NVB) og du må derfor laste opp dokumentet i søknaden din.

Publisert 4. juni 2025 12:38 - Sist endra 29. jan. 2026 21:42