Registrer søknad

Du kan søkje frå 1. februar, og du kan endre på søknaden din og leggje til studieønskje heilt fram til søknadsfristen.

Siste søknadsfrist er anten 1. mars eller 15. april. Det er viktig at du finn ut kva for søknadsfrist som gjeld for deg. Sjå alle tidsfristar.

1. Legg til dei studia du vil søkje på

For å søkje loggar du deg inn i søkjarportalen. Du kan søkje på inntil 10 studieønske i prioritert rekkefølgje. Du kan blant anna filtrere på studienamn, studiestad, universitet og høgskule i søket. Du finn informasjon om opptakskrav, poenggrenser og anna på kvart studium i søkjarportalen.

2. Prioriter studieønska dine

Prioritert rekkefølgje er at du rangerar studieønska dine i søknaden. Det vil seie at du sett det studiet du helst vil inn på som fyrsteprioritet, studiet du nest helst vil inn på som andreprioritet og så vidare.

Når du får tilbod i hovudopptaket, fell lågare prioriterte studieønskje bort. Det vil seie at viss du til dømes får tilbod på fyrstevalet ditt, vil alle dei andre studieønska dine automatisk falle bort. Du kan ikkje setje deg på venteliste til studium som har falt bort. Derfor er det viktig at du legg inn studieønska i prioritert rekkefølgje.

Du kan omprioritere studieønska dine heilt fram til 1. juli.

Les meir om korleis du bør tenkje når du skal omprioritere

3. Vel utdanningsbakgrunn

Her skal du velje kva for utdanningsbakgrunn du har.

4. Sjå over søknaden din og send inn

Klikk på meir info om studiet for å sjekke at du har søkt rett studium. Når du har sett over søknaden trykkar du "Send inn". Søknaden er sendt til oss når du har fått ei kvittering i "Meldingar" i søknaden. Har du ikkje fått kvittering, er ikkje søknaden registrert. 

Det er ditt ansvar å sjekke at du har fått ei kvittering og at alle opplysningane på kvitteringa stemmer. I "Meldingar" i søknaden har du oversikt over alle kvitteringane dine. Det er alltid nyaste kvittering som gjeld.

5. Last opp dokumentasjon

Du lastar opp dokumentasjon i nettsøknaden. Gjer dette så tidleg som mogleg, og innan opplastingsfristen.

Alt om dokumentasjon

Tidleg opptak

Du kan søkje om tidlig opptak for å få svar på søknaden tidligere enn hovudopptaket. Dette er berre aktuelt viss du kan dokumentere spesielle grunner.

Les meir om tidleg opptak 

Publisert 13. mai 2025 11:12 - Sist endra 17. sep. 2026 12:50