Kvifor er rekkefølgja viktig?
Kva for rekkefølgje du har på studieønska dine er viktig, fordi ved tilbod fell lågere prioriterte studieønske vekk.
- Dersom du får tilbod frå førstevalet ditt, fell alle dei andre studieønska dine automatisk vekk.
- Du kan ikkje takke ja eller sette deg på venteliste til studieønske som har falle vekk på grunn av tilbod på høgare prioriterte studieønske.
Slik omprioriterer du
For å omprioritere loggar du deg inn på søknaden. Gå til "Sjå søknad" og "Endre" for å endre rekkefølgje på studia. Trykk "Vidare" og til slutt "Send inn" for å lagre endringane slik at du får ei kvittering.
Det er ditt ansvar å sjekke at du får ei kvittering for endringane i "Meldingar" og at desse endringane er rett.
Siste frist for å slette studieønske er 12. juli kl. 23:59.