Elektronisk vitnemål frå vidaregåande opplæring
Fullført vidaregåande opplæring dokumenterer du med eit vitnemål. Har du fullført norsk vidaregåande skole i år 2000 eller seinare, kan du ha elektronisk vitnemål i Nasjonal vitnemålsdatabase (NVB). Ser du det elektroniske vitnemålet ditt under "Elektroniske vitnemål og dokumenter" i søknaden din trenger du ikke laste opp bilde av papirvitnemålet ditt.
Er du avgangselev og får vitnemål i juni?
Du fullfører vidaregåande skole i år og får vitnemål som gir generell studiekompetanse. Du har ingen ekstra fag eller forbetringar på kompetansebevis. Dei fleste får vitnemål i slutten av juni når alle fag og eksamenar er bestått. Du må:
- Krysse av for at du fullfører vidaregåande skole i år på lista over kva du må dokumentere i søknaden.
- Sjekke at du har fått eit elektronisk vitnemål frå den vidaregåande skolen din i NVB innan 1. juli.
Får du elektronisk vitnemål, kan du sjå dette i søknaden din. Kontakt den vidaregåande skolen din om du er usikker på om du får elektronisk vitnemål.
Viss du ikkje ser det elektroniske vitnemålet i søknaden din innan 1. juli, må du laste opp eit bilete av papirvitnemålet ditt seinast 1. juli.
Lastar du sjølv opp vitnemålet ditt i søknaden, blir det ikkje lagra i NVB. Det er berre vidaregående skular som kan lagre elektroniske vitnemål i NVB.
Har du allereie eit elektronisk vitnemål?
Du er ferdig med vidaregåande skole, og skolen din har sendt inn eit eller fleire elektroniske vitnemål som du kan sjå i søknaden din. Du må:
- Sjekke at du har elektroniske vitnemål som gir generell studiekompetanse i søknaden din.
- Sjekke at du får ei grøn hake på alle obligatoriske felt under "Sjå kva du må dokumentere" i søknaden.
Har du krav som ikkje er merka med grøn hake, må du laste opp dokumentasjon. Har du dokumentasjon på nye fag og forbetringar, tilleggspoeng og kvotetilhøyrsle, må du laste opp dette.
Det er den vidaregåande skolen eller fylkeskommunen som kan skrive ut vitnemål eller lagre elektroniske vitnemål i Nasjonal vitnemålsdatabasen (NVB).
Nye fag og forbetringar frå vidaregåande opplæring
Nye fag og forbetringar vert ikkje automatisk oppdatert på eit vitnemål.
Har du teke nye fag som ikkje er forbetringar av fag du har frå før, og som ikkje gjev språkpoeng eller realfagspoeng, må du be skulen din om å føre faga på eit nytt vitnemål.
Viss du har karakterforbetringar av fag du har tatt tidlegare, må du også be skulen din om å lage eit nytt vitnemål. Du kan også dokumentere desse forbetringane ved å be om eit kompetansebevis.
Meir om forbetringar og nye fag.
Papirvitnemål
Viss du ikkje har eller får elektronisk vitnemål, må du laste opp eit bilete av papirvitnemålet ditt. Det er ikkje tilstrekkeleg med fleire kompetansebevis.
Har du ikkje papirvitnemålet ditt må du kontakta den vidaregåande skulen for å få skrive ut eit nytt.
Kompetansebevis
Har du bestått fag eller opplæring som ikkje kvalifiserer til eit fullstendig vitnemål, dokumenterer du dette med eit kompetansebevis. Du må laste opp eit bilete av heile kompetansebeviset. Kompetansebeviset skal innehalde to signaturar og stempel.
Utskrift frå eksamensprotokoll
Utskrift frå eksamensprotokoll er ikkje gyldig som dokumentasjon på fag tekne i Kunnskapsløftet og i Reform 94. Har du teke fag- eller sveinebrev i Reform 94 eller tidlegare, dokumenterer du dette med fag- eller sveinebrevet og all vidaregåande opplæring som ligg til grunn for fag- og sveinebrevet.