Slik dokumenterer du fagskule

Viss du har utdanning frå fagskule, kan du laste opp dokumentasjon på dette. Kva du må dokumentere avheng av kva slags fagskuleutdanning du har. 

Du dokumenterer fagskule med eit vitnemål som viser at du har fullført og bestått fagskulen. Du må dokumentere alle sidene av vitnemålet.

Dokumentere delar av utdanning

Viss du har enkeltfag frå fagskule, må du laste opp godkjent dokumentasjon sjølv om du kan sjå resultata i søknaden. Sakshandsamar har ikkje tilgang til å sjå desse resultata. Karakterutskrifta må vise studiepoeng og karakterar i faga du har bestått.

Viss det ikkje står på dokumentasjonen kor mange studiepoeng eller fagskulepoeng du har oppnådd, må du i tillegg laste opp ei erklæring frå fagskulen om studiet var på heiltid eller deltid, og over kor mange år studiet varte.

Dokumentere fagskule frå utlandet

Viss du har fagskule frå utlandet, må du også dokumentere fagskulegodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (tidlegare NOKUT-godkjenning).

Publisert 14. mai 2025 12:09 - Sist endra 9. feb. 2026 13:51