Kva blir du varsla om?

Viss du har lasta opp dokumentasjon, og det manglar noko i søknaden din, vil saksbehandlaren din sende deg ein e-post.

Saksbehandlarane har mange søknadar å behandle. Ein slik e-post kan derfor kome seint. Det er korte fristar for å laste opp ny dokumentasjon.

Du vil ikkje få e-post om manglar du allereie har fått varsel om i søknaden. Viss du til dømes har elektronisk vitnemål og søkjer opptak til studium med spesielle opptakskrav, får du varsel i søknaden om du er kvalifisert eller om du må laste opp meir dokumentasjon.

Sjekk at kontaktinformasjonen din er rett på profilsida i søknaden din, og sjekk e-posten din jamleg, sjølv om du er på ferie. Det er og lurt å sjekke i søppelfilteret om noko har hamna der.

 

Publisert 13. mai 2025 11:13 - Sist endra 29. jan. 2026 20:56