Reservasjon av studieplass

Du kan få reservert studieplassen din for eitt eller to år på grunn av innkalling til militærteneste, fødsel, adopsjon eller andre tungtvegande grunnar.

Korleis reservere studieplassen

Skal du reservere studieplassen din, må du

  • takke ja til studietilbodet innan svarfristen
  • sende søknad til lærestaden du har fått studieplass på innan 3 veker etter at du fekk tilbodet

I søknaden må du legge ved dokumentasjon på kvifor du ønskjer å reservere plassen. Dette er til dømes tenesteinnkalling eller legeattest. Du må også legge ved søknadsnummer.

Søknad og dokumentasjon sender du til universitetet eller høgskolen du fekk tilbod om studieplass ved, ikkje til Samordna opptak.

Du kan ikkje søkje om å reservere studieplassen viss du har fått opptak på vilkår (betinga opptak).

Har du ein reservert studieplass?

Det er høve til å få reservert studieplass for eitt eller to år. Du er garantert å få denne studieplassen dersom du

  • søkjer på same studium innan søknadsfristen
  • svarar innan fristen

i det året du fekk studieplassen reservert til.

Viss det blir stilt andre krav i brevet du fekk frå lærestaden då du fekk reservert studieplass, må du også dekke desse.

Du kan søkje andre studium sjølv om du har fått reservert ein studieplass

Søkjer du på andre studium, må du prioritere desse høgare enn studiet du har reservert. Då må du óg laste opp dokumentasjonen din på nytt. Dersom du får tilbod på eit av dei nye studieønska, mistar du den reserverte studieplassen.

Publisert 8. mai 2025 10:05 - Sist endra 29. jan. 2026 21:02