Svar på tilbod

Du får svar på søknaden din i hovudopptaket den 20. juli. Svarfristen var 24. juli og du mista plassen viss du ikkje svarte innan fristen. Det er ulike regler for ulike opptak.

Du må svare på tilbodet

20. juli kan du sjå i søknaden din kva for studium du eventuelt har fått tilbod på, og kva for studium du kan stå på venteliste til.

Svarfristen er 24. juli

Du mistar plassen viss du ikkje svarar innan fristen.

Du registrerer svaret i søknaden og det er ditt eige ansvar å sørgje for at du har registrert svar innan fristen. Du har òg ansvar for å sjekke om du har fått ei kvittering i "Meldingar" i søknaden din om at du har svart på tilbodet.

Du må svare sjølv om du skal klage eller reservere studieplassen.

Les svarbrevet ditt

Under "Meldingar" i søknaden din vil du få ei melding med svar på hovudopptaket. Heilt nedst i denne meldinga finn du svarbrevet ditt som ei PDF-fil. Her finn du informasjon om oppmøteplikt, studiestart og anna viktig informasjon.