Rett til å klage

Meiner du det er gjort feil i behandlinga av søknaden din, har du rett til å klage.

Du har rett til å klage etter forvaltningslova § 28.

Be om grunngjeving

Før du klagar, må du be om ei grunngjeving for vedtaket. Be om grunngjeving så snart som mogleg, og seinast innan tre veker etter at du fekk svar.

Vil du klage etter at du har fått grunngjeving? Klagefristen er tre veker frå du får grunngjevinga.

I klagen må du:

  • skrive kva du klagar på
  • forklare kva du meiner er feil
  • merke klaga med søknadsnummeret ditt

Kvar sender du klaga?

Du må kontakte saksbehandlande institusjon viss:

  • du har spørsmål om saksbehandlinga
  • du ønskjer å klage på poengrekning
  • du ønskjer å klage på vedtak om at du er ukvalifisert
  • du er kvalifisert, men har fått avslag på særskilt vurdering

Saksbehandlaren din er som oftast ein lærestad, men kan òg vere Samordna opptak. Kven som er saksbehandlar finn du ved å logge deg inn på søknaden din. Gå til "Sjå søknad" og "Kontaktinfo til sakshandsamar.

Du må kontakte høgskulen eller universitetet som tilbyr studiet viss:

Om vedtaket blir endra og du skal ha eit anna tilbod, får du nytt svar i suppleringsopptaket eller seinare opptak.

Om vedtaket ikkje blir endra, har du rett til å sende ei ny klage. Saksbehandlaren din vil då sende klaga di vidare til nasjonal klagenemd.

Publisert 8. mai 2025 10:05 - Sist endra 29. jan. 2026 20:59