Kva skjer viss du får nytt tilbod?
Du mistar det gamle tilbodet automatisk viss du får nytt tilbod.
Får du eit studietilbod i hovudopptaket og eit nytt tilbod i suppleringsopptaket, vil du miste det gamle tilbodet automatisk. Får du ikkje eit nytt tilbod i suppleringsopptaket, beheld du det gamle tilbodet.
Kven får svar i suppleringsopptaket?
Det er berre nokre søkjarar som får svar i suppleringsopptaket.
Desse søkjarane får svar i suppleringsopptaket:
- søkjarar som får nytt tilbod og/eller
- søkjarar som har blitt studiekvalifiserte etter hovudopptaket
Viss du ikkje har fått nytt svar i suppleringsopptaket, betyr dette at du ikkje har fått eit nytt tilbod. Du kan framleis stå på venteliste til eventuelle etterfyllingsopptak hvis du har takka ja til dette.
Nokre studium tek normalt ikkje inn søkjarar frå venteliste. Dette gjeld som regel studium som har fleire kvalifiserte søkjarar enn studieplassar. Ofte er desse studia overbooka, noko som betyr at dei normalt ikkje tek inn søkjarar frå venteliste. Det kan finnast informasjon om dette gjeld ditt studium i søknaden din på infoknappen under "Poeng".
Etterfyllingsopptak og venteliste
Til nokre studium kan lærestadane etterfylle frå ca. 5. august og utover.