Hovudopptaket

Viss du har søkt i hovudopptaket får du svar den 20. juli. Svarfristen er 24. juli og du mistar plassen viss du ikkje svarar innan fristen.

Innhold på siden

Du må svare på tilbodet innan svarfristen

20. juli kan du sjå i søknaden din kva for studium du eventuelt har fått tilbod på, og kva for studium du kan stå på venteliste til.

Svarfristen er 24. juli. Du mistar plassen viss du ikkje svarar innan fristen.

Du må svare, sjølv om du skal klage eller reservere studieplassen.

Korleis sender du inn svaret ditt?

Du registrerer svaret i søknaden og det er ditt eige ansvar å sørgje for at du har registrert svar innan fristen. Du har òg ansvar for å sjekke om du har fått ei kvittering i "Meldingar" i søknaden din om at du har svart på tilbodet.

For å sende inn svar må du ta stilling til alle eventuelle tilbod i søknaden. Det betyr at du må svare ja og/eller nei på alle alternativene du har fått opp i svarskjemaet. Viss du for eksempel har fått fleire tilbod om venteliste må du ta stilling til alle disse før du kan sende inn svar.

Viss du har søkt studier som har krav om politiattest må du også huke av for at du er kjent med dette hvis det dukker opp i søknaden.

Du finner viktig info i svarbrevet ditt

Under "Meldingar" i søknaden din vil du få ei melding med svar på hovudopptaket. Heilt nedst i denne meldinga finn du svarbrevet ditt som ei pdf-fil. Her finn du informasjon om oppmøteplikt, studiestart og anna viktig informasjon.

Du får berre eitt tilbod om studieplass i hovudopptaket

Når du får eit tilbod fell lågare prioriterte studieønske automatisk bort. Viss det står "bortfalt" på eit studieønske betyr det at du har fått tilbod på eit høgare prioritert studieønske. Omprioriteringsfristen er 1. juli. Det er ikkje høve til å stille seg på venteliste til studium som er bortfalt.

Kva kan du stå på venteliste til?

Du kan berre stå på venteliste til studium med høgare prioritet enn det du har fått tilbod om. 

Får du tilbod om studieplass på det studiet du prioriterte som nummer 1, får du ikkje tilbod om ventelisteplass på lavere prioriterte studieønske. Dei fell bort. Får du tilbod om studieplass på til dømes studiet du sette som prioritet 3, kan du også få tilbod om å stå på venteliste til studia du sette som prioritet 1 og 2.

Har du søkt på eit studium du ikkje er kvalifisert til, vil du ikkje få tilbod om studieplass eller ventelisteplass på det studiet.

Takke ja til både tilbod om studieplass og venteliste?

Du kan takke ja til både tilbod om studieplass og tilbod om ventelisteplass. Ver klar over at viss du får eit nytt tilbod frå venteliste i suppleringsopptaket, vil du automatisk miste tilbodet du fekk i hovudopptaket. Da må du takke ja til tilbodet i suppleringsopptaket, ellers står du utan tilbod om studieplass. 

24. juli er siste frist for å trekkje deg frå venteliste før suppleringsopptaket. Trekk du deg frå ventelista etter 24. juli, kan du risikere at du likevel blir med i suppleringsopptaket med studiet eller studia du har takka ja til venteliste på.

Kva er suppleringsopptaket?

I suppleringsopptaket cirka 30. juli, kan søkjere som har stått på venteliste etter hovudopptaket få eit nytt tilbud om studieplass. Suppleringsopptaket gjeld også for søkjarar som har blitt studiekvalifiserte etter hovudopptaket.

Les meir om venteliste og suppleringsopptak

Publisert 7. okt. 2025 11:54 - Sist endra 2. feb. 2026 09:23