Fagskule og generell studiekompetanse

Fagskuleutdanningar er korte, yrkesretta utdanningar som byggjer på vidaregåande opplæring eller realkompetanse. Du kan oppnå generell studiekompetanse på grunnlag av fagskule.

Fagskule godkjent etter fagskulelova av 2003

For at du skal få generell studiekompetanse på grunnlag av ei fagskuleutdanning må desse kriteria vere oppfylt:

1

Du må ha gått på eitt utdanningsprogram som har vart i 2 år på fulltid og gitt 120 fagskulepoeng / studiepoeng frå fagskule. Dersom du har gått to ulike program på til saman 2 år, vil dette ikkje bli godkjent, sjølv om det er teke ved same fagskule.

2

Fagskuleutdanninga du har må stå på NOKUT si liste over godkjente fagskuletilbod.

Teknisk fagskule etter rammeplan av 1998-1999

Har du fullført og bestått teknisk fagskule mellom 2000 og 2005 som gjev generell studiekompetanse? Da har du fått eit vitnemål der det står «har oppnådd generell studiekompetanse».

Dersom dette er ditt grunnlag for generell studiekompetanse vil du bli poengrekna på bakgrunn av karakterane på vitnemålet.

Teknisk fagskuleutdanning

Dersom du har gått på teknisk fagskule, kan du vere kvalifisert til å søkje teknologi- eller ingeniørutdanningar sjølv om du ikkje har generell studiekompetanse. Du kan lese meir om dette på alternative vegar til ingeniør og martim utdanning.

Publisert 11. jan. 2013 11:03 - Sist endret 6. juli 2018 09:10