Universitet og høgskole - Høgare utdanning

Viss du ikkje kan få generell studiekompetanse på grunnlag av  vidaregåande skole, kan du i nokre tilfelle få det på grunnlag av høgare utdanning.

Ikon for universitet og høgskole

For å få generell studiekompetanse på grunnlag av høgare utdanning, må følgjande krav vere oppfylt:

Du kan ikkje få generell studiekompetanse på andre måtar

Regelen om opptak på grunnlag av høgare utdanning gjeld berre for søkjarar som ikkje har generell studiekompetanse på annan måte, til dømes på grunnlag av vidaregåande skole eller 23/5-regelen.

Du blei tatt opp til den høgare utdanninga på ei unntaksordning

Unntaksordningane er heimla i forskrift om opptak til høgare utdanning, kapittel 3 og gjeld anten opptak på grunnlag av realkompetanse, dispensasjon eller andre unntaksordningar.

Dei andre unntaksordningane er meint for søkjarar til bestemte studium ved norske lærestader som har eigne reglar for opptak.

Du må ha fullført studiet du blei tatt opp til

Studiet du ble tatt opp til, må vere bestått og avslutta. Det må óg vere på minst 60 studiepoeng.

Ei avslutta høgare utdanning tyder at du har fullført eit studium, anten det er eit årsstudium eller ein bachelorgrad. Har du avbrote eit studium, uavhengig av lengd og avlagde studiepoeng, vil du ikkje få generell studiekompetanse.

Individuell vurdering

Når opptaksgrunnlaget ditt er høgare utdanning, blir ikkje søknaden din poengrekna. Du vil i staden få ei individuell vurdering.

Har du høgare utdanning frå utlandet?

Viss du har utanlandsk utdanning, kan du ikkje få opptak på grunnlag av høgare utdanning. Denne ordninga gjeld berre for søkjarar som har fått opptak til høgare utdanning etter reglane i opptaksforskrifta, kapittel 3.

Publisert 11. jan. 2013 11:05 - Sist endret 5. feb. 2021 10:14