Universitet og høgskole - Yrkesfag med påbygging

Viss du har fullført og bestått eit yrkesfagleg utdanningsprogram i vidaregåande skule, og har teke dei seks studiekompetansefaga, har du generell studiekompetanse.

Ikon for universitet og høgskole

Har du fullført yrkesfagleg opplæring i 2009 eller seinare?

Viss du fullførte den yrkesfaglege utdanninga di i 2009 eller seinare, har du anten

  • eit vitnemål for fullført 3-årig opplæring i skule som gir yrkeskompetanse, eller
  • eit vitnemål for fullført opplæring i skule, læretid og fagbrev/sveinebrev som gir yrkeskompetanse.

For å oppnå generell studiekompetanse må du ta dei studiekompetansefaga du ikkje allereie har, eller ta Vg4 påbygg til generell studiekompetanse. 

Desse studiekompetansefaga må du ha i tillegg til vitnemålet som gir yrkeskompetanse

Studiekompetansefaga

I Vg1 og Vg2 hadde du

Du må ta

Norsk (hovudmål, sidemål og munnleg)

112 årstimar

393 årstimar

Engelsk

140 årstimar

Du har faget

Samfunnskunnskap

84 årstimar

Du har faget

Historie

0 årstimar

140 årstimar

Matematikk

84 årstimar

140 årstimar (2P-Y eller 2T-Y)

Naturfag

56 årstimar

84 årstimar

Du må kontrollere at du har det riktige timetalet frå Vg1 og Vg2. Faga kan du ta i vidaregåande skule eller som privatist. På www.vilbli.no finn du informasjon om opplæringstilbodet der du bur.

Dersom du har gått yrkesfagleg program på Vg1 og Vg2, og Vg3 påbygging til generell studiekompetanse, så har du fått eit vitnemål der det står «har oppnådd generell studiekompetanse».

Dersom du er usikker på om du har generell studiekompetanse, kan du kontakte opptakskontoret ved ein høgskule eller eit universitet.

Har du fullført yrkesfagleg opplæring mellom 1997 og 2009?

Viss du fullførte den yrkesfaglege utdanninga di mellom 1997 og 2009 har du anten fått eit vitnemål for fullført utdanning i skule, eller kompetansebevis for to år i skule og fagbrev/sveinebrev. For å oppnå generell studiekompetanse må du ta dei studiekompetansefaga du ikkje allereie har.

Desse studiekompetansefaga må du ha i tillegg til vitnemål/kompetansebevis

Studiekompetansefaga

I GK og VK I hadde du

Du må ta

Norsk (hovudmål, sidemål og munnleg)

4 veketimar

393 årstimar

eventuelt 12 veketimar dersom du tok faget før 2008

Engelsk

4 veketimar

Du har faget

Samfunnskunnskap

2 veketimar samfunnslære

Du har faget

Historie

0 veketimar

140 årstimar

eventuelt 4 veketimar nyare historie dersom du tok faget før 2008

Matematikk

3 veketimar

140 årstimar (2P-Y eller 2T-Y)

eventuelt 2 veketimar dersom du tok faget før 2008

Naturfag

2 veketimar

84 årstimar

eventuelt 3 veketimar dersom du tok faget før 2008

Du må kontrollere at du har det riktige timetalet frå grunnkurs og VKI. Faga kan du ta i vidaregåande skule eller som privatist. På www.vilbli.no finn du informasjon om opplæringstilbodet der du bur.

Dersom du har gått yrkesfagleg program på grunnkurs og VKI, og VKII påbygging til generell studiekompetanse, så har du fått eit vitnemål er det står «har oppnådd generell studiekompetanse».

Dersom du er usikker på om du har generell studiekompetanse, kan du kontakte opptakskontoret ved ein høgskule eller eit universitet.

Har du fullført yrkesfagleg opplæring før 1997?

Du har generell studiekompetanse dersom du tok 4-årig utdanning på studieretning for landbruksfag og naturbruk med grunnkurs, VKI, VKIIB og påbygging.

Du har generell studiekompetanse dersom du har fullført og bestått 2-årig yrkesfagleg grunnkurs og VKII allmennfagleg påbygg.

Viss du ikkje har generell studiekompetanse kan du kvalifisere deg gjennom 23/5-regelen.

Publisert 15. jan. 2013 14:14 - Sist endret 7. des. 2023 09:30