print logo

23/5-regelen

Fyller du 23 år eller meir det året du skal søkje om opptak, kan du kvalifisere deg på grunnlag av 23/5-regelen.

For å få generell studiekompetanse med 23/5-regelen må du oppfylle tre vilkår:

1

Du må fylle 23 år eller meir det året du søkjer om opptak.

2

Du må dokumentere at du har fullført og bestått alle dei seks studiekompetansefaga.

3

Du må dokumentere minst 5 års arbeidspraksis og/eller utdanning.

Viss du oppfyller vilkåra, kan du bli poengrekna etter 23/5-regelen, sjølv om du har generell studiekompetanse på eit anna grunnlag.

Studiekompetansefaga

Dei seks studiekompetansefaga motsvarar eitt år på vidaregåande skule, men du kan også ta faga som privatist. På www.vilbli.no finn du informasjon om kvar du kan ta faga.

Dei seks studiekompetansefaga er

Norsk – hovudmål, sidemål og munnleg

393 årstimar

Engelsk

140 årstimar*

Historie

140 årstimar

Samfunnsfag

84 årstimar

Matematikk

224 årstimar

Naturfag

140 årstimar

* Tek du engelsk som privatist, må du ta eksamen både i skriftleg og munnleg.

I tabellen over har vi skrive kva faga heiter, og kva omfanget av faga er, i Kunnskapsløftet. Du kan også ha dekt studiekompetansefaga med fag du har teke før Kunnskapsløftet (før 2008), eller fag du har teke på teknisk fagskule eller på forkurs. I lista over studiekompetansefaga kan du sjå kva for nokre studiekompetansefag du har.

Studiekompetansefaga må du dokumentere med eitt eller fleire vitnemål eller kompetansebevis.

Kva dekkjer kravet til praksis?

Du må dokumentere minst 5 års fulltids arbeidspraksis og/eller utdanning. Med «5 års fulltid» meiner vi at all den praksisen og utdanningen du har, må utgjere 5 års fulltid til saman. All utdanning og praksis du har, blir rekna saman når du søkjer opptak og når du har sendt inn dokumentasjonen din.

Ein fulltidsjobb blir rekna som 37,5 timar i veka. Viss du til dømes har jobba to år i 50 % stilling, vil dette tilsvare eitt år.

Praksis og utdanning du har, kan ikkje overlappe. Dersom du til dømes har studert og arbeidd i 100 % samstundes i eitt år, vil du ikkje kunne få utteljing for meir enn 1 år. På same måte vil du ikkje kunne få uttelljing for meir enn 1 år sjølv om du har arbeidd til dømes 150 % på eitt år.

Du kan heller ikkje få utteljing for praksis for same fag fleire gonger. Det vil seie at viss du til dømes tek opp studiekompetansefaga etter vidaregåande skule, og allereie har studiekompetansefaga på eit vitnemål, vil du ikkje få utteljing for desse to gongar.

Følgande arbeidspraksis og utdanning kan dekkje kravet:

Løna arbeid

Løna arbeid kan telje dersom det er av eit slikt omfang som vi har skildra over.

Læretid

Læretid i bedrift tel som arbeidspraksis og må dokumenterast med attest frå arbeidsgjevar. Fagbrev eller sveinebrev er ikkje tilstrekkeleg dokumentasjon.

Frivillig arbeid

Uløna frivillig arbeid kan telje dersom det er av eit slikt omfang som vi har skildra over.

Omsorgsarbeid

Dersom du har omsorg for eigne born (eller omsorgsansvar for vaksne) kan dette dekkje kravet.

Vidaregåande skule

Opplæring i vidaregåande skule tel med i praksiskravet. Lause fag blir lagde saman og tel som halve år. Fag som ikkje er bestått, får du ikkje utteljing for.

Høgare utdanning

Høgare utdanning tel med som halve år. 30-59 studiepoeng frå universitet eller høgskule tel som eit halvt år. 60 studiepoeng tel som eitt år.

Folkehøgskule

Folkehøgskule blir godkjend som 1 år. Folkehøgskulen må ha eit skuleår på minst 33 veker, og du må ha hatt minst 90 % oppmøte. Dersom du har mindre enn 90 % oppmøte, får du inga utteljing.

Fagskule

Fagskuleutdanning som har skjedd på fulltid i minimum eitt semester kan reknast med i praksiskravet. Omfanget av utdanninga må vere tydeleg på dokumentasjonen du sender inn. Utdanninga må vere fullført og bestått.

Anna utdanning

Anna utdanning som har skjedd på fulltid i minimum eitt semester kan reknast med i praksiskravet. Omfanget av utdanninga må vere tydeleg på dokumentasjonen du sender inn. Utdanninga må vere fullført og bestått.

Militærteneste

Militærteneste kan reknast med. Tenestetida di blir runda av til heile månader. Militærteneste må dokumenterast med gyldig dokumentasjon frå forsvaret.

Sivilteneste

Sivilteneste kan reknast med. Tenestetida di blir runda av til heile månader.

Introduksjons- og norskprogram med samfunnskunnskap for nyankomne innvandrarar

Har du gjennomført programmet, og kan dokumentere dette, kan det inngå i rekninga av praksiskravet.

Korleis dokumenterar du praksis?

Det er ein føresetnad at du dokumenterer praksisen med godkjent dokumentasjon. Det er ditt ansvar at opplysningane på dokumentasjonen din er riktig. Hugs å ha dokumentasjonen klar i god tid før fristen for å sende inn.

Nedsett arbeidsevne?

Dersom du på grunn av sjukdom, nedsett funksjonsevne eller andre forhold ikkje har kunna arbeidd, tek vi omsyn til dette. Du må dokumentere den nedsette arbeidsevna di med attest frå lege eller kopi av vedtak frå NAV. Attesten må innehalde informasjon om du er, eller har vore, heilt eller delvis arbeidsufør, og i kva periodar du har vore det.

Usikker på om du dekkjer alle krava i 23/5-regelen?

Dersom du er usikker på om du har generell studiekompetanse, kan du kontakte opptakskontoret ved ein av lærestadene for spørsmål.

Dersom du ønskjer rettleiing om kva for nokre fag eller eksamenar du skal melde deg opp til, kan du ta kontakt med ein vidaregåande skule eller privatistkontoret i det fylket du bur i. Du finn meir informasjon om opplæringstilbodet i vidaregåande skule på www.vilbli.no.

Dersom du oppfyller alle vilkåra i 23/5-regelen, kan du bli poengrekna etter krava i 23/5-regelen, sjølv om du også har generell studiekompetanse på eit anna grunnlag. I så fall vil vi rekne ut poenga i søknaden din på begge måtar, og nytte den poengsummen som er best.

Publisert 11. jan. 2013 10:10 - Sist endret 16. apr. 2015 09:51