Frå ca. 4. august
Etterfyllingsopptak. Det er berre nokre søkjarar som får svar i etterfyllingsopptaka.

Universitet og høgskole
Til nokre studium kan lærestadene etterfylle frå ca. 4. august og utover. I etterfyllingsopptaka mistar du ikkje automatisk tidlegare tilbod du har takka ja til, viss du får nytt tilbod. Du kan altså velje mellom gammalt og nytt tilbod, men takkar du ja til det nye tilbodet, fell det gamle tilbodet automatisk vekk.
I etterfyllingsopptaka blir det berre lagt ut svar til dei som får nytt tilbod. Du må svare på tilbod i søknaden din.
Publisert 16. jan. 2013 16:19
- Sist endra 13. jan. 2021 14:07