Frå ca. 4. august

Etterfyllingsopptak. Det er berre nokre søkjarar som får svar i etterfyllingsopptaka.

Ikon for universitet og høgskole

Universitet og høgskole

Til nokre studium kan lærestadene etterfylle frå ca. 4. august og utover.

I etterfyllingsopptaka mistar du ikkje automatisk tidlegare tilbod du har takka ja til, viss du får nytt tilbod. Du kan altså velje mellom gammalt og nytt tilbod, men takkar du ja til det nye tilbodet, fell det gamle tilbodet automatisk vekk.

I etterfyllingsopptaka blir det berre sendt ut svar til dei som får nytt tilbod. Dei som får eit nytt tilbod, vil få varsel på e-post og SMS. Det blir sendt ut svar på etterfyllingsopptak ca. 2 gonger i veka fram til i slutten av august. Det er ca. 4 dagars svarfrist, og du må svare på tilbod i søknaden din.

Du kan framleis stå på venteliste etter august. Dersom du får eit nytt tilbod etter dette, vil du bli kontakta av lærestaden. 

Meir om reglar for svar

Publisert 16. jan. 2013 16:19 - Sist endra 17. apr. 2024 14:30