Har du fullført yrkesfagleg opplæring i 2009 eller seinare?
Viss du fullførte den yrkesfaglege utdanninga di i 2009 eller seinare, har du anten
- eit vitnemål for fullført 3-årig opplæring i skule som gir yrkeskompetanse, eller
- eit vitnemål for fullført opplæring i skule, læretid og fagbrev/sveinebrev som gir yrkeskompetanse.
For å oppnå generell studiekompetanse må du ta dei studiekompetansefaga du ikkje allereie har, eller ta Vg4 påbygg til generell studiekompetanse.
Desse studiekompetansefaga må du ha i tillegg til vitnemålet som gir yrkeskompetanse
Studiekompetansefaga |
I Vg1 og Vg2 hadde du |
Du må ta |
---|---|---|
Norsk (hovudmål, sidemål og munnleg) |
112 årstimar |
393 årstimar |
Engelsk |
140 årstimar |
Du har faget |
Samfunnskunnskap |
84 årstimar |
Du har faget |
Historie |
0 årstimar |
140 årstimar |
Matematikk |
84 årstimar |
140 årstimar (2P-Y eller 2T-Y) |
Naturfag |
56 årstimar |
84 årstimar |
Du må kontrollere at du har det riktige timetalet frå Vg1 og Vg2. Faga kan du ta i vidaregåande skule eller som privatist. På www.vilbli.no finn du informasjon om opplæringstilbodet der du bur.
Dersom du har gått yrkesfagleg program på Vg1 og Vg2, og Vg3 påbygging til generell studiekompetanse, så har du fått eit vitnemål der det står «har oppnådd generell studiekompetanse».
Dersom du er usikker på om du har generell studiekompetanse, kan du kontakte opptakskontoret ved ein høgskule eller eit universitet.
Har du fullført yrkesfagleg opplæring mellom 1997 og 2009?
Viss du fullførte den yrkesfaglege utdanninga di mellom 1997 og 2009 har du anten fått eit vitnemål for fullført utdanning i skule, eller kompetansebevis for to år i skule og fagbrev/sveinebrev. For å oppnå generell studiekompetanse må du ta dei studiekompetansefaga du ikkje allereie har.
Desse studiekompetansefaga må du ha i tillegg til vitnemål/kompetansebevis
Studiekompetansefaga |
I GK og VK I hadde du |
Du må ta |
---|---|---|
Norsk (hovudmål, sidemål og munnleg) |
4 veketimar |
393 årstimar eventuelt 12 veketimar dersom du tok faget før 2008 |
Engelsk |
4 veketimar |
Du har faget |
Samfunnskunnskap |
2 veketimar samfunnslære |
Du har faget |
Historie |
0 veketimar |
140 årstimar eventuelt 4 veketimar nyare historie dersom du tok faget før 2008 |
Matematikk |
3 veketimar |
140 årstimar (2P-Y eller 2T-Y) eventuelt 2 veketimar dersom du tok faget før 2008 |
Naturfag |
2 veketimar |
84 årstimar eventuelt 3 veketimar dersom du tok faget før 2008 |
Du må kontrollere at du har det riktige timetalet frå grunnkurs og VKI. Faga kan du ta i vidaregåande skule eller som privatist. På www.vilbli.no finn du informasjon om opplæringstilbodet der du bur.
Dersom du har gått yrkesfagleg program på grunnkurs og VKI, og VKII påbygging til generell studiekompetanse, så har du fått eit vitnemål er det står «har oppnådd generell studiekompetanse».
Dersom du er usikker på om du har generell studiekompetanse, kan du kontakte opptakskontoret ved ein høgskule eller eit universitet.
Har du fullført yrkesfagleg opplæring før 1997?
Du har generell studiekompetanse dersom du tok 4-årig utdanning på studieretning for landbruksfag og naturbruk med grunnkurs, VKI, VKIIB og påbygging.
Du har generell studiekompetanse dersom du har fullført og bestått 2-årig yrkesfagleg grunnkurs og VKII allmennfagleg påbygg.
Viss du ikkje har generell studiekompetanse kan du kvalifisere deg gjennom 23/5-regelen.