Fagskole - Elektronisk vitnemål

Elektronisk vitnemål er ein elektronisk kopi av vitnemålet ditt sendt frå norsk vidaregåande skule til Nasjonal vitnemålsdatabase (NVB).

Har du fullført og bestått norsk vidaregåande skule i år 2000 eller seinare, kan du ha elektronisk vitnemål. Vidaregåande skular leverer elektroniske vitnemål frå skulenes system via fylkeskommunen til NVB

Kompetansebevis ligg ikkje NVB. Dette må du laste opp i søknaden din.

Kva må du sjølv gjere?

Du må dokumentere at du dekkjer opptakskrava.

Du må sjølv sjekke at du har eller får elektronisk vitnemål i NVB og om det dekkjer opptakskrava. For å sjå om vitnemålet ditt ligg i NVB må du logge deg inn i søkerportalen. Finn du ikkje vitnemålet ditt, må du kontakte den vidaregåande skulen din og sjekke om skulen har høve til å lagre vitnemålet ditt i NVB. Viss du ikkje har elektronisk vitnemål i NVB, må du laste opp kopi av papirvitnemålet ditt i søknaden din. Dei opplasta vitnemåla blir saksbehandla manuelt. Lastar du sjølv opp vitnemålet ditt i søknaden, blir det ikkje lagra i NVB. Det er berre vidaregåande skular som kan lagre elektroniske vitnemål i NVB.

Finn du feil på vitnemålet?

Finn du feil på vitnemålet ditt, må du kontakte din vidaregåande skule og be dei rette det.

Vitnemål som er annullert av skulen din, er ikkje gyldig dokumentasjon. Dette gjeld både elektroniske vitnemål, utskrift av vitnemål eller vitnemål du har lasta opp.

Sjå vitnemålet ditt

Sjå vitnemålet i
søkerportalen.
 

Utskrift eller PDF av elektronisk vitnemål frå NVB er ikkje gyldig som dokumentasjon. Det er berre den vidaregåande skulen som kan skrive ut vitnemål som er gyldig som dokument.