Fagskole - Slik dokumenterer du vidaregåande opplæring
Fag frå vidaregåande skule må du dokumentere med vitnemål eller kompetansebevis. Utskrift frå eksamensprotokoll er ikkje gyldig som dokumentasjon på fag tekne i Kunnskapsløftet og i Reform 94.

På Utdanningsdirektoratets nettsider finn du døme på dokument utferda på papir.
Vitnemål og kompetansebevis frå Kunnskapsløftet
- døme på vitnemål for studieførebuande utdanningsprogram
- døme på vitnemål for yrkesfagleg opplæring
- døme på kompetansebevis
Vitnemål og kompetansebevis frå Reform 94
- Kompetansebevis er dokumentasjon på
- fullført, men ikkje bestått opplæringsløp
- fullført årstrinn, men ikkje heile opplæringsløp
- fullført eitt eller fleire fag eller delar av fag.
- Vitnemål er dokumentasjon på
- beståtte 3-årige løp
- noen 4-årige løp (TAF/YSK)
Vitnemål frå endra struktur (AEA)
Vitnemål frå tradisjonell struktur (ATA)
Vitnemål frå Handel og kontor
Eit vitnemål frå kvart årstrinn.
Har du teke fag- eller sveinebrev i Reform 94 eller tidlegare?
Det dokumenterer du med fag- eller sveinebrevet og all vidaregåande opplæring som ligg til grunn for fag- og sveinebrevet.
Publisert 17. jan. 2020 09:39
- Sist endra 19. jan. 2020 03:09