print logo

Svar på tilbod du får

Hovudopptaket er den 20. juli. Du må svare i søknaden din seinast 26. juli.

Du må svare på tilbod om studieplass. Du må òg svare på alle tilbod om ventelisteplass.

Svarfristen er 26. juli, og du mistar plassen viss du ikkje svarar innan fristen. Det er ditt ansvar å sørgje for at du har registrert svar innan fristen, og fått ei kvittering i "Meldingar" på at du har svart.

Ved tilbod fell lågare prioriterte studieønske bort

Du kan berre få eitt studietilbod i hovudopptaket. Lågare prioriterte ønske fell vekk. Det vil seie at dersom du får eit tilbod om studieplass på det studiet du prioriterte som nummer 1, får du ikkje tilbod om ventelisteplass på andre studieønske. Viss du får tilbod om studieplass på studiet du sette som prioritet 3, vil du også få tilbod om å stå på venteliste til studia du sette som prioritet 1 og 2.

Du kan takke ja til både tilbod og ventelisteplass. Ver klar over at dersom du takkar ja til tilbod og venteliste i hovudopptaket, og får eit nytt tilbod i suppleringsopptaket, mistar du automatisk plassen frå hovudopptaket.

Har du søkt på eit studium du ikkje er kvalifisert til, vil du ikkje få tilbod om studieplass eller ventelisteplass på det studiet.

Suppleringsopptak for deg som står på venteliste

29. juli er det suppleringsopptak til somme studium. Viss du har svart ja til å stå på venteliste, vil du kunne få tilbod om studieplass dersom det vert tekne inn søkjarar frå venteliste.

Det er kort svarfrist, så det er viktig at du følgjer med på e-post. Du må svare ja eller nei på alle tilbod du får om studieplass eller ventelisteplass.

Får du nytt tilbod i suppleringsopptaket, mistar du plassen frå hovudopptaket

Får du eit studietilbod i hovudopptaket og får eit nytt tilbod i suppleringsopptaket, vil du miste det gamle tilbodet. Får du ikkje eit nytt tilbod i suppleringsopptaket, beheld du det gamle tilbodet.

Du kan få tilbod om studieplass heilt fram til studiestart

Frå 5. august er det etterfyllingsopptak til nokre studium. I etterfyllingsopptaket kan universiteta og høgskulane gi nye studietilbod til dei som står på venteliste, dersom det er ledige studieplassar.

Det er etterfyllingsopptak to gongar i veka fram til studiestart.

Mistar du studieplassen viss du søkjer ledige studieplassar?

Du mistar ikkje tilbodet frå hovudopptaket sjølv om du søkjer ledige studieplassar, men det er viktig at du passar på to ting viss du søkjer ledige studieplassar:

  • Viss du svarar ja på eit nytt studietilbod, mistar du tilbodet du allereie har fått.
  • Får du eit nytt tilbod etter suppleringsopptaket eller seinare, må du aktivt takke ja til ein eventuell ventelisteplass på nytt. Dette må du gjere sjølv om du ikkje ønskjer å takke ja til tilbodet du har fått om ledige studieplassar.

Lån og stipend

Du kan søkje Lånekassa om lån og stipend når du har fått studieplass.

 

Publisert 18. jan. 2013 11:20 - Sist endra 24. juli 2016 10:56