Slik søkjer du studieplass

For å søkje studieplass må du registrere ein søknad. Du må laste opp vitnemål og annan dokumentasjon, og du må følge opp søknaden din.
Registrer søknaden din
Du må registrere og fullføre søknaden din før søknadsfristen. I studieoversikta finn du informasjon om studia du kan søkje.
Last opp dokumentasjonen din
Etter at du har sendt inn søknaden, må du sjølv laste opp dokumentasjonen din.
Følg opp søknaden din
Viss noko manglar i søknaden din vil du få melding på e-post. Du har sjølv ansvar for å følgje opp søknaden din.
Svar på studietilbodet
Du må svare på tilbod du får om studieplass og alle tilbod om ventelisteplass. Du mistar plassen viss du ikkje svarar innan svarfristen.
Skal du søkje studium?
Sjå ein video som forklarar dei viktigaste trinna.