Fagskole - Svar på tilbod

Du får svar på søknaden din til fagskole i hovudopptaket den 25. mai. Svarfristen er 1. juni og du mistar plassen viss du ikkje svarar innan fristen. 

Ikon for fagskole

Du må svare på tilbodet

25. mai kan du sjå i søknaden din kva for studium du eventuelt har fått tilbod på, og kva for studium du kan stå på venteliste til.

Svarfristen i hovudopptaket er 1. juni

Du mistar plassen viss du ikkje svarar innan fristen.

Du registrerer svaret i søknaden og det er ditt eige ansvar å sørgje for at du har registrert svar innan fristen. Du har òg ansvar for å sjekke om du har fått ei kvittering i "Meldingar" i søknaden din om at du har svart på tilbodet.

Du må svare sjølv om du skal klage  eller reservere studieplassen.

Svarfrist på nye tilbod etter hovudopptaket

Hvis du får nye tilbod etter hovudopptaket får du ein ny svarfrist på desse tilboda. Svarfristen finn du i søknaden din.

Har du søkt både fagskole og universitet/høgskole?

Du må svare innan fristen sjølv om du har søkt universitet og høgskole i tillegg. Du får svar på søknaden til universitet/høgskole 20. juli. Du kan takke ja til tilbod frå fagskole utan at dette påverkar søknaden din til universitet/høgskole.

Viss du får tilbod om studieplass 20. juli, kan du velje kva du vil takke ja til. Dersom du ønskjer å studere både på fagskole og på universitet/høgskole, må du kontakte lærestaden for å høyre om dette lar seg gjennomføre.

Du får berre eitt tilbod om studieplass på fagskole i hovudopptaket 

Når du får eit tilbod fell lågare prioriterte studieønske automatisk bort.

Kva kan du stå på venteliste til? 

Du kan berre stå på venteliste til studium med høgare prioritet enn det du har fått tilbod om. Omprioriteringsfristen er 15. april.

Får du tilbod om studieplass på det studiet du prioriterte som nummer 1, får du ikkje tilbod om ventelisteplass på andre studieønske. Dei fell bort. Får du tilbod om studieplass på til dømes studiet du sette som prioritet 3, skal du også få tilbod om å stå på venteliste til studia du sette som prioritet 1 og 2.

Har du søkt på eit studium du ikkje er kvalifisert til, vil du ikkje få tilbod om studieplass eller ventelisteplass på det studiet.

Takke ja til både tilbod om studieplass og venteliste? 

Du kan takke ja til både tilbod om studieplass og tilbod om ventelisteplass, men ver klar over at viss du får eit studietilbod i hovudopptaket og eit nytt tilbod i suppleringsopptaka, vil du miste det gamle tilbodet automatisk.

1. juni er siste frist for å trekkje deg frå venteliste før suppleringsopptaka startar.

Meir om svar, venteliste og ledige studieplassar 

Skal du søkje ledige studieplassar?

Lista over ledige studieplassar blir lagt ut 30. mai. Du kan søkje frå 31. mai kl. 09.00.

Du mistar ikkje tilbodet frå hovudopptaket sjølv om du søkjer på ledige studieplassar, men det er viktig at du passar på to ting:

  • Takkar du ja til eit nytt studietilbod, mistar du tilbodet du allereie har fått. Med ein gong du har takka ja til eit nytt tilbod på ledig studieplass mistar du gamle tilbod og det er ikkje mogleg å endre tilbake svaret ditt.
  • Får du eit nytt tilbod etter suppleringsopptaka eller seinare, må du sjølv takke ja til ein eventuell ventelisteplass på nytt. Dette må du gjere sjølv om du ikkje ønskjer å takke ja til tilbodet du har fått om ledige studieplassar.

Har du fått tilbod på eit studium som krev politiattest?

Politiattesten får du ved å sende ein søknad til politiet. Du må leggje ved tilbodsbrevet som du finn i søknaden din. 
I søkerportalen har du moglegheit til å lagre ei melding som ein pdf. 

  • Velg «utskriftsvennlig» i dialogboksen for meldinga. Du vil da få opp ein ny dialogboks for utskrift.
  • Velg lagre som pdf som utskriftvalg.
  • Velg Lagre. Innholdet i meldinga vil da bli lagra som ein pdf på maskina di.

Skal du søkje lån og stipend?

Du kan søkje om lån og stipend frå Lånekassen når du har fått opptak. 

Du søkjer på lanekassen.no.

Publisert 17. jan. 2020 09:39 - Sist endra 19. des. 2022 15:03