Fagskole - Dokumentasjon

Ikon for fagskoleNår du har søkt, må du dokumentere at du er kvalifisert til å konkurrere om opptak.

Kva må du dokumentere

Dokumentasjonen din frå tidlegare år er ikkje automatisk lagra i søknaden, og du må laste den opp i søknaden din viss du ikkje ser den der. Kva du må dokumentere avheng av kva slags utdanningsbakgrunn du har og kva slags studieprogrammer du søker opptak til.

Oversikt over kva du må dokumentere

Opptaksgrunnlag

For å studere på fagskule, må du dokumentere at du dekkjer opptakskrava. Dei vanlegaste måtane å dekkje opptakskrav på er fag-/sveinebrev eller treårig yrkesfagleg opplæring som er relevant for studiet du skal søke på.

Fag-/sveinebrev

Du dokumenterer bestått fag-/sveineprøve med vitnemål eller kompetansebevis. Kompetansebevis er ikkje tilgjengelig elektronisk, og du må derfor laste det opp i søknaden din sjølv.

Vidaregåande utdanning

Vidaregåande utdanning dokumenterer du med elektronisk vitnemål. Viss du ikkje har eller får elektronisk vitnemål, må du laste opp eit bilete av papirvitnemålet ditt.

Realkompetanse

Det er mogleg å dekke opptakskravet til fagskular med realkompetanse.

Fagskulane har egne reglar for korleis du dokumenterer realkompetanse. Du finn meir informasjon på nettsida til fagskulen, eller ved å kontakte fagskulen som du skal søke opptak til.

Vidaregåande utdanning og fagskule frå utlandet

Viss du har vidaregåande utdanning eller fagskule frå utlandet, må du kontakte fagskulen for meir informasjon om kva du skal dokumentere i søknaden.

Høgare utdanning

Har du bestått emne på eit norsk universitet eller høgskule, er det mogleg at saksbehandlar kan hente informasjon om dette. Høgare utdanning gjev ikkje tilleggspoeng viss du søkjer fagskole, men kan i nokre tilfelle gi generell studiekompetanse.

Forbetringar og nye fag frå vidaregåande utdanning

Karakterforbetringar av fag du har tatt tidlegare, og som inngår i kvalifikasjonsgrunnlaget ditt, kan du dokumentere ved å laste opp kompetansebevis. Har du teke fag som ikkje er forbetringar av fag du har frå før, må du dokumentere desse på eit nytt vitnemål.

Viss du har forbetra karakterane dine, vert ikkje desse automatisk oppdatert på eit elektronisk vitnemål.

Meir om forbetringar og nye fag.

Spesielle opptakskrav

Du må dokumentere at du dekkjer eventuelle spesielle opptakskrav.

Du finn meir informasjon om korleis du dokumenterer dette på nettsida til fagskulen, eller ved å kontakte fagskulen som du skal søke opptak til.

Tilleggspoeng

Du må laste opp gyldig dokumentasjon for å få tilleggspoeng.

Du kan få tilleggspoeng for fag- eller sveinebrev som inngår i kvalifikasjonsgrunnlaget og for resultatet meget godt bestått. Du kan òg få tilleggspoeng for relevant yrkespraksis.

Praksis

Viss du skal dokumentere yrkespraksis, er det viktig at du lastar opp gyldig dokumentasjon.

Betinga opptak

Du kan søkje om betinga opptak viss du skal ta fag- eller sveineprøve etter søknadsfristen.

Kryss av for at du skal ta fag- eller sveineprøve i år på lista over kva du må dokumentere i søknaden, og last opp ein kopi av lærekontrakten i søknaden din. Viss du allereie er oppmeldt til fag- eller sveineprøve, kan du laste opp ei stadfesting frå fagopplæringa på oppmelding.

Viss du får betinga opptak, må du laste opp dokumentasjon på bestått fag-/sveineprøve i løpet av det første semesteret av utdanningen. Du dokumenterer bestått fag-/sveineprøve med vitnemål eller kompetansebevis.

Namneendring

Viss du har endra namn, må du dokumentere dette med for eksempel ein vigselsattest eller melding om namneendring frå Skatteetaten.

Fristar

Du er sjølv ansvarleg for å laste opp dokumentasjonen din innan fristen. Fristen for å laste opp dokumentasjon er anten

Krav til dokumentasjon

Du må laste opp gyldig dokumentasjon som er av god kvalitet. Viss du tek bilete og lastar opp dette, må biletet vere skarpt. Heile dokumentet må synast på biletet og kunna lesast av sakshandsamaren din.

Krav i søknaden som ikkje er merka med grøn hake

Lastar du opp dokumentasjon i søknaden, får du ikkje automatisk grøn hake. Dette er fordi alle dokument du sjølv lastar opp i søknaden blir manuelt behandla av ein saksbehandlar. Søknaden vert heller ikkje oppdatert med grøn hake etter at dokumentasjonen er behandla ferdig.

Du skal ikkje laste opp sensitiv dokumentasjon

Viss du må dokumentere sensitive opplysningar, må du sende dei i posten til lærestaden som skal handsame søknaden din. Adressa finn du på statussida i søknaden.

Kva er sensitiv dokumentasjon?

Dette er dokumentasjon som inneheld sensitive personopplysningar. Det er opplysningar om rasemessig eller etnisk opphav, politisk oppfatning, religion, filosofisk overtyding, fagforeiningsmedlemskap, helse, seksuelle forhold, seksuell legning, straffedommar og lovbrot. Det er også genetiske og biometriske opplysningar med det formål å eintydig identifisere nokon.

Døme på sensitiv dokumentasjon er lege- og politiattestar.

Har du dokumentasjon på eit anna språk?

Viss du har dokumentasjon på eit anna språk enn skandinavisk eller engelsk, må du få den omsett. Omsetjinga kan vere på norsk, engelsk eller eit anna skandinavisk språk og må vere gjort av ein statsautorisert translatør eller eit omsettingsbyrå.

Dokumentasjonen vert kontrollert

Viss du nyttar falske vitnemål, andre falske dokument eller dokument frå falske institusjonar i søknaden din, vil du bli politimeldt.

Eit vitnemål eller dokument er falskt dersom det inneheld skriftleg eller digital dokumentasjon som ikkje er sannferdig, eller dersom innhaldet i eit opphavleg, skriftleg eller digitalt, vitnemål eller dokument er manipulert eller endra.

All dokumentasjon vert kontrollert av saksbehandlar, og i tvilstilfelle kan du bli bedt om å sende inn originalar. I løpet av det første semesteret kan lærestadene be eit tilfeldig utplukk av nye studentar om å syne originale vitnemål og attestar. Urette eller misvisande opplysningar kan føre til at du mistar retten til å fullføre eit studium. Falsk dokumentasjon vil bli ramma av straffeloven § 361 første ledd, bokstav a og b, § 221 bokstav d og blir alltid politimeldt.

Har du fleire spørsmål om dokumentasjon?

Du finn som regel svar i ofte stilte spørsmål.