Universitet og høgskoler - Viktige tidsfristar

Ikon for høgskole og universitetGjeld for opptaket til universitet og høgskole i 2024.

1. februar

Søknaden opnar

Studieoversikten for 2024/2025 blir lagt ut same dag. 

Meir om opning og studietilbod.

Eg finn ikkje studiet eg vil søkje på?

Ta kontakt med lærestaden. Det kan vere eit studium du søkjer lokalt. Då søkjer du ikkje gjennom Samordna opptak, men direkte til lærestaden.

Kan eg endre på søknaden?

Ja, du kan endre på søknaden heilt fram til søknadsfristen. 

Skal du søkje både universitet/høgskole og fagskole?

Viss du skal søkje både til universitet/høgskole og til fagskole, må du registrere to søknadar.

Ver klar over at opptakskrava til universitet/høgskole og fagskole er ulike. Du finn informasjon om opptakskravet i studieoversikten.

1. mars

Søknadsfrist for enkelte søkjarar

Viss du skal søkje Politihøgskolen, luftfartsfag ved UIT, tidleg opptak, særskilt vurdering eller søkjer med realkompetanse, har du søknadsfrist 1. mars kl. 23:59.

Meir om kven som har søknadsfrist 1. mars.

Har eg søknadsfrist 1. mars?

Det er berre nokre søkjarar og studium som har søknadsfrist 1. mars. Viss du ikkje er blant desse, har du søknadsfrist 15. april kl.23.59. 

Må eg laste opp dokumentasjon 1. mars?

Viss du har søknadsfrist 1. mars, kan du laste opp dokumentasjon til 20. mars. Fristen 20. mars gjeld for utdanning og praksis som er avslutta. Fram til 1. juli kan du laste opp dokumentasjon på utdanning og praksis som du fullfører i vår.

Søkjer du tidleg opptak, må du laste opp all dokumentasjon seinast 20. mars. Søkjer du Politihøgskolen eller Luftfartsfag på UiT, kan du berre laste opp forbetringar på fag du allereie har bestått og dokumentasjon som skal gje tilleggspoeng til 1. juli.

20. mars

Frist for å laste opp dokumentasjon

Hadde du søknadsfrist 1. mars? Då må du laste opp avslutta utdanning og annan dokumentasjon seinast 20. mars.

Meir om fristen for å laste opp dokumentasjon

Kva gjer eg viss eg har utdanning eg fullfører etter 20. mars?

Du kan laste opp dokumentasjon på utdanning og praksis du fullfører i vår fram til 1. juli.

Unntaket er dei som søkjer tidleg opptak. Dei må ha lasta opp alt til 20. mars. Søkjer du Politihøgskolen eller Luftfartsfag på UiT, kan du berre laste opp forbetringar på fag du allereie har bestått og dokumentasjon som skal gje tilleggspoeng til 1. juli. 

Korleis finn eg ut kva eg må laste opp?

Når du har søkt, får du opp ei liste i søknaden din over kva du må dokumentere. Denne finn du ved å velje "Sjå kva du må dokumentere". Du er sjølv ansvarleg for å laste opp rett dokumentasjon i søknaden din. 

Kva skal eg laste opp?

Du må laste opp godkjent dokumentasjon i søknaden. Du kan skanne eller ta bilete av dokumenta dine. Viss du tek bilete, må det vere skarpt. Heile dokumentet må visast på biletet og kunne lesast av saksbehandlaren din. 

15. april

Søknadsfrist

15. april kl. 23.59 er siste frist for å søkje eller legge til fleire studieønske i søknaden din.

Meir om søknadsfristen

Kan eg endre på rekkefølgja etter 15. april?

Du kan endre på rekkefølgja fram til 1. juli. Ei prioritert rekkefølgje vil seie at du rangerer studieønska dine i søknaden. Det vil seie at du sett det studiet du helst vil inn på som fyrsteprioritet, studiet du nest helst vil inn på som andreprioritet og så vidare.

15. april

Frist for å laste opp dokumentasjon

Viss du har søknadsfrist 15. april kl. 23.59, må du laste opp avslutta utdanning og annan dokumentasjon seinast same dato.

Meir om fristen for å laste opp dokumentasjon

Korleis finn eg ut kva eg må laste opp?

Når du har søkt, får du opp ei liste i søknaden din over kva du må dokumentere. Denne finn du ved å velje "Sjå kva du må dokumentere".

Du er sjølv ansvarleg for å laste opp godkjent dokumentasjon i søknaden din. Du kan skanne eller ta bilete av dokumenta dine. Viss du tek bilete, må det vere skarpt. Heile dokumentet må visast på biletet og kunne lesast av saksbehandlaren din.

Kva gjer eg viss eg fullfører utdanning eller praksis etter 15. april?

Utdanning og praksis som du fullfører i vår kan du laste opp fram til 1. juli. Dette gjeld også privatisteksamenar og språktestar som du tek i løpet av våren.

1. juli

Omprioriteringsfrist

Skal du bytte rekkefølgje på studieønska dine? Siste frist er 1. juli kl. 23:59.

Meir om kvifor rekkefølgja er viktig

Kvifor er rekkefølgja viktig?

Når du får tilbod i hovudopptaket, fell lågare prioriterte studieønske bort. Det vil seie at viss du til dømes får tilbod på fyrstevalet ditt, vil alle dei andre studieønska dine automatisk falle bort. Du kan ikkje setje deg på venteliste til studium som har falt bort. Derfor er det viktig at du sett opp rett rekkefølgje seinast 1. juli.

Korleis skal eg sette opp rekkefølgja?

Du bør alltid sette opp rekkjefølgja på studieønska slik du helst ynskjer å studere. Det er poengsummen din som avgjer om du kjem inn på eit studium. Ved tilbod fell lågare prioriterte studieønske bort. Viss du får tilbod om fyrstevalet ditt, vil alle andre val automatisk falle bort. Kjem du ikkje inn på fyrstevalet og til dømes får tilbod om andrevalet, skal du også få tilbod om å stå på venteliste på fyrstevalet ditt.

1. juli

Siste frist for å laste opp dokumentasjon

Har du utdanning du fullfører i vår? Siste frist for å laste opp dokumentasjon er 1. juli.

Meir om siste frist for å laste opp dokumentasjon

Korleis veit eg om dokumentasjonen min er godkjent?

Viss du lurer på om dokumentasjonen du har lasta opp er rett, finn du døme på godkjent dokumentasjon her. Du finn ut kva du må laste opp ved å gå til "Sjå kva du må dokumentere" i søknaden din

Kva gjer eg viss eg ikkje får dokumentasjonen til 1. juli?

Last det opp så fort du kan, men dokumentasjon som blir lasta opp etter fristen, blir berre teke omsyn til dersom saksbehandlar har kapasitet.

Kva gjer eg viss eg har klaga på eksamenskarakter?

Viss du har klaga på eksamenskarakter er det eigne reglar for dette.

19. juli

Oversikt over ledige studieplassar

Skal du søkje ledige studieplassar? Allereie 19. juli kan du sjå kva for studium du kan søkje på.

Meir om ledige studieplassar

Mistar eg plassen min viss eg søkjer ledige studieplassar?

Nei, du mistar ikkje ein plass du har takka ja til i hovudopptaket berre ved å søkje ledige studieplassar, men viss du får eit nytt tilbod som du takkar ja til, mistar du plassen.

Mistar eg ventelisteplassen viss eg søkjer ledige studieplassar?

Får du tilbod om ein ledig studieplass kan du framleis halde på ventelisteplassen din, men då må du aktivt takke ja til ventelisteplass på nytt. Dette må du gjere sjølv om du ikkje ønskjer å takke ja til tilbodet du har fått om ledig studieplass.

20. juli

Du får svar på søknaden

Svaret på søknaden er klart 20. juli, og du svarar i søknaden din. Svarfristen er 24. juli.

Meir om svar og svarreglar

Kva betyr det at det står bortfalt på eit studieønske?

Dette betyr at du har fått tilbod på eit høgare prioritert studieønske. Ved tilbod fell lågare prioriterte studieønske vekk. Omprioriteringsfristen var 1. juli. Det er ikkje høve til å stille seg på venteliste til studium som er bortfalt fordi du har fått tilbod på eit høgare prioritert studieønske.

Kva gjer eg viss eg har spørsmål om søknaden min? 

Du må ta kontakt med lærestaden eller institusjonen som har behandla søknaden din. Kontaktinformasjon til saksbehandlar finn du i søknaden din under "Søknad".

Korleis søkjer eg om å få reservert ein studieplass?

Svar ja på tilbodet og send søknad om reservering av studieplass til lærestaden du har kome inn på.

Eg må søkje om politiattest. Korleis gjer eg det?

Viss du har fått tilbod på eit studium som krev politiattest, finn du informasjon om korleis du skal søkje om politiattest i tilbodsbrevet ditt. Tilbodsbrevet finn du som vedlegg (PDF) i "Meldingar" når du har fått svar på søknaden.

Du vil få melding frå lærestaden om korleis du skal levere politiattesten. Du skal ikkje laste opp politiattesten i søknaden din på Samordna opptak.

Meir om politiattest


24. juli

Siste frist for å svare

Du må svare på hovudopptaket seinast 24. juli kl. 23:59. Viss du ikkje svarar på tilbod eller venteliste, mistar du tilbod og ventelisteplass.

Meir om svarfristen

Kan eg takke ja til både tilbod og venteliste?

Ja, men takkar du ja til venteliste i hovudopptaket og får tilbod om studieplass i suppleringsopptaket, mistar du automatisk plassen frå hovudopptaket.

Viss du ikkje får eit nytt tilbod i suppleringsopptaket, held du på tilbodet du takka ja til i hovudopptaket.

Kva skjer viss eg ikkje svarar innan fristen?

Då mistar du tilboda dine. Hugs å sjekke at du får ei kvittering i "Meldingar" for svarregistreringa di.

Cirka 29. juli

Suppleringsopptaket

Har du takka ja til venteliste? Søkjarar som har fått nytt tilbod, eller som har blitt studiekvalifiserte etter hovudopptaket, får nytt svar i suppleringsopptaket.

Meir om suppleringsopptaket

Kvifor har eg ikkje fått svar i suppleringsopptaket?

Det er berre søkjarar som får nytt tilbod eller har blitt studiekvalifiserte etter hovudopptaket som får svar i suppleringsopptaket. Søkjarar som har fått eit nytt tilbod vil få e-post.

Kan eg framleis stå på venteliste?

Du kan framleis stå på venteliste, men det er no berre nokre høgskular og universitet som etterfyller på somme studium.

Cirka 4. august

Etterfyllingsopptaka startar

Står du framleis på venteliste? Til nokre studium kan lærestadene etterfylle studieplassar frå ca. 4. august og utover.

Meir om etterfyllingsopptaka

Mistar eg plassen viss eg får tilbod i etterfyllingsopptaka?

Får du tilbod i etterfyllingsopptaka har du høve til å velje mellom å takke ja til nytt tilbod eller halde på tidligare tilbod du allereie har takka ja til. 

Kan eg takke nei til plassen etter svarfristen?

Ja, det kan du. Dette gjer du i søknaden din. Her finn du valet "Sei frå deg tilbod etter svarfristen".

Viss du takkar nei til tilbod er dette endeleg og du mistar tilbod om studieplass og/eller venteliste. Det er ikkje høve til å endre svar tilbake til ja når du har signert med at du har forstått.