Universitet og høgskole - Svar på tilbod

Du får svar på søknaden din i hovudopptaket den 20. juli. Svarfristen er 24. juli og du mistar plassen viss du ikkje svarar innan fristen. 

Ikon for universitet og høgskole

Du må svare på tilbodet

20. juli kan du sjå i søknaden din kva for studium du eventuelt har fått tilbod på, og kva for studium du kan stå på venteliste til.

Svarfristen er 24. juli

Du mistar plassen viss du ikkje svarar innan fristen.

Du registrerer svaret i søknaden og det er ditt eige ansvar å sørgje for at du har registrert svar innan fristen. Du har òg ansvar for å sjekke om du har fått ei kvittering i "Meldingar" i søknaden din om at du har svart på tilbodet.

Du må svare sjølv om du skal klage eller reservere studieplassen.

Les svarbrevet ditt

Under "Meldingar" i søknaden din vil du få ei melding med svar på hovudopptaket. Heilt nedst i denne meldinga finn du svarbrevet ditt som ei pdf-fil. Her finn du informasjon om oppmøteplikt, studiestart og anna viktig informasjon.

Du får berre eitt tilbod om studieplass i hovudopptaket 

Når du får eit tilbod fell lågare prioriterte studieønske automatisk bort.

Kva kan du stå på venteliste til? 

Du kan berre stå på venteliste til studium med høgare prioritet enn det du har fått tilbod om. Omprioriteringsfristen er 1. juli.

Får du tilbod om studieplass på det studiet du prioriterte som nummer 1, får du ikkje tilbod om ventelisteplass på andre studieønske. Dei fell bort. Får du tilbod om studieplass på til dømes studiet du sette som prioritet 3, skal du også få tilbod om å stå på venteliste til studia du sette som prioritet 1 og 2.

Har du søkt på eit studium du ikkje er kvalifisert til, vil du ikkje få tilbod om studieplass eller ventelisteplass på det studiet.

Takke ja til både tilbod om studieplass og venteliste? 

Du kan takke ja til både tilbod om studieplass og tilbod om ventelisteplass, men ver klar over at viss du får eit studietilbod i hovudopptaket og eit nytt tilbod i suppleringsopptaket, vil du miste det gamle tilbodet automatisk.

24. juli er siste frist for å trekkje deg frå venteliste før suppleringsopptaket. Trekk du deg frå ventelista etter 24. juli, kan du risikere at du likevel blir med i suppleringsopptaket med studiet eller studia du har takka ja til venteliste på.

Suppleringsopptak og venteliste

Suppleringsopptaket er seinast den 29. juli. Det er berre nokre få søkjarar som får svar i suppleringsopptaket.

Du mistar det gamle tilbodet automatisk viss du får nytt tilbod

Får du eit studietilbod i hovudopptaket og eit nytt tilbod i suppleringsopptaket, vil du miste det gamle tilbodet automatisk. Får du ikkje eit nytt tilbod i suppleringsopptaket, beheld du det gamle tilbodet.

Det er berre nokre søkjarar som får svar i suppleringsopptaket

Desse søkjarane får svar i suppleringsopptaket:

  • søkjarar som får nytt tilbod og/eller
  • søkjarar som har blitt studiekvalifiserte etter hovudopptaket

Viss du ikkje har fått nytt svar i suppleringsopptaket, betyr dette at du ikkje har fått eit nytt tilbod. Du kan framleis stå på venteliste til eventuelle etterfyllingsopptak hvis du har takka ja til dette.

Nokre studium tek normalt ikkje inn søkjarar frå venteliste. Dette gjeld som regel studium som har fleire kvalifiserte søkjarar enn studieplassar. Ofte er desse studia overbooka, noko som betyr at dei normalt ikkje tek inn søkjarar frå venteliste. Det kan finnast informasjon om dette gjeld ditt studium i søknaden din på infoknappen under "Poeng".

Etterfyllingsopptak og venteliste

Til nokre studium kan lærestadene etterfylle frå ca. 4. august og utover.

Når er det etterfyllingsopptak?

Første etterfyllingsopptak er ca. frå 4. august. Etter det er det etterfyllingsopptak to gongar i veka fram til studiestart. 

I etterfyllingsopptaka i august mistar du ikkje automatisk tidlegare tilbod, men viss du takkar ja til eit nytt tilbod mistar du tidlegare tilbod om studieplass. 

    Meir om svar, venteliste og ledige studieplassar 

    Skal du søkje ledige studieplassar?

    Lista over ledige studieplassar blir lagt ut 19. juli. Du kan søkje frå 20. juli kl. 09.00.

    Du mistar ikkje tilbodet frå hovudopptaket sjølv om du søkjer på ledige studieplassar, men det er viktig at du passar på to ting:

    • Takkar du ja til eit nytt studietilbod, mistar du tilbodet du allereie har fått.
    • Får du eit nytt tilbod etter suppleringsopptaket eller seinare, må du sjølv takke ja til ein eventuell ventelisteplass på nytt. Dette må du gjere sjølv om du ikkje ønskjer å takke ja til tilbodet du har fått om ledige studieplassar.

    Har du ikkje fått ventelistenummer?

    Har du ikkje fått ventelistenummer, kan det vere eit teikn på at det aktuelle studiet anten har veldig mange på venteliste, eller at studiestaden ikkje reknar med at dei kjem til å ta inn søkjarar frå venteliste. 

    Har du fått tilbod på eit studium som krev politiattest?

    Viss du har fått tilbod på eit studium som krev politiattest, finn du informasjon om korleis du skal søkje om politiattest i tilbodsbrevet ditt. Tilbodsbrevet finn du som vedlegg (PDF) i "Meldingar" når du har fått svar på søknaden.

    Du vil få melding frå lærestaden om korleis du skal levere politiattesten. Du skal ikkje laste opp politiattesten i søknaden din på Samordna opptak

    Skal du søkje lån og stipend?

    Du kan søkje om lån og stipend frå Lånekassen når du har fått opptak. 

    Du søkjer på lanekassen.no.

    Har du fleire spørsmål? I ofte stilte spørsmål finn du svar.

    Publisert 18. jan. 2013 11:20 - Sist endra 20. des. 2023 08:32